Magiske Journey lanserast på PlayStation 4 til sommaren

Dukkar opp i butikkhyllene saman med Flower og Fl0w.

PlayStation 3-spelet Journey blei ein stor suksess blant både kritikarar og publikum då det blei lansert i 2012. I spelet styrer vi ein merkeleg og kjønnslaus figur som svevar gjennom eit brunt ørkenlandskap, medan vi må handtere diverse gåter og praktiske utfordringar.

Spelet er det tredje spelet frå ThatGameCompany, og i likskap med deira to føregåande spel Flower og Fl0w, vil Journey få ei lansering på PlayStation 4. Hos Gamespot kan vi lese at lanseringa vil finne stad til sommaren, og den nye versjonen av Journey vil by på oppløysing på 1080p, samt ein biletefrekvens på 60 bilete i sekundet.

Digitalt og i butikk

I Journey står du som regel muters aleine i ei stor og naken verd.

Journey vil bli tilgjengeleg digitalt, og vil få Cross Save-funksjonalitet, noko som betyr du kan halde fram der du slapp om du allereie skulle ha spelet på PlayStation 3.

I tillegg til ei digital lansering vil Journey bli tilgjengeleg i butikk via ei samlepakke som òg inneheld Flower og Fl0w.

ThatGameCompany har bygd seg eit namn i spelverda ved å by på unike og særprega opplevingar. ThatGameCompany-grunnleggjar Jenova Chen har uttala at spela i dag ikkje er gode nok for vaksne, og ikkje byr på intellektuell stimuli. Han har i tillegg langa ut mot skytespelsjangeren som han meiner er heilt ubrukeleg.

Journey, Flower og Fl0w blei utvikla eksklusivt for Sony fordi ThatGameCompany hadde ei kontrakt med PlayStation-selskapet. Den kontrakta er derimot over, og det neste spelet frå ThatGameCompany vil kome på fleire plattformer.

Siste fra forsiden