Magiske Limbo kjem til Xbox One

Lansert som gratis gåve til dei første som kjøpte konsollen.

Herlege Limbo har sidan lanserigna på Xbox 360 i 2010 rukke å kome seg inn på det meste som finnest av plattformer. Der det først var eksklusivt for Microsofts konsoll, tok det ikkje lange tida før spelarar verda over fekk sjansen til å oppleve det magiske eventyret på si favorittplattform.

No ser det ut til at Limbo er på veg til nytt format. Via Eurogamer får vi høyre at Limbo har blitt sniklansert på Xbox One. Det er likevel ikkje tilgjengeleg for alle. Dei aller første som kjøpte Xbox One skal ha fått tilsendt ei melding med ein kode som let dei låse opp spelet.

Om du ikkje var blant dei første som investerte i ny konsoll, vil du likevel få tilgang på Limbo, men vi veit ikkje når. Det einaste Microsoft vil seie om den saka er at det blir tilgjengeleg veldig snart.

Eit vakkert mareritt

Skumle kryp lurer i Limbos skuggar.
Skumle kryp lurer i Limbos skuggar.

I Limbo følgjer vi ein liten gut som legg ut på eventyr for å finne systera si. Det er eit mørkt og nifst spel som er nådelaust om du gjer feil. Den vesle guten kan døy på horrible måtar, men du blir aldri kasta langt tilbake om du skulle feile. Vi var frå oss av begeistring då det kom, og gav Limbo ståande applaus:

«Limbo kombinerer den vakraste og mest stemningsfulle visuelle presentasjonen du kan tenkje deg, med den skumlaste og mest ubehagelege lyden du kan tenkje deg. Det er ei pakke som pirrar sansane, samtidig som ein svak finger viftar ei åtvaring mot deg, som for å seie «det er ikkje trygt her, gå tilbake». Men korleis skal ein kunne gå tilbake? I dette makelause vesle marerittet finn vi nokre av dei beste gåtene og utfordringane eit sideskrollande spel kan by på. Skamme deg burde du, om du let dette bli eit av dei spela du aldri prøvde.»

Nyleg lanserte Upper One Games plattformspelet Never Alone, eit spel i same gate som Limbo, men som byr på ei gammal historie frå Inupiat-folket frå Alaska. Vår anmelder var ikkje heilt overbevist, men han meinte likevel at han fekk kjensla av å ha opplevd noko viktig.

Kommentarer (2)

Forsiden akkurat nå

Til toppen