Majora's Mask til 3DS?

Får vi det klassiske Zelda-spelet på nytt format?

The Legend of Zelda: Ocarina of Time til Nintendo 64 er eitt av dei mest kritikarroste spela gjennom tidene, og i sommar kom ein oppussa og forbetra versjon til Nintendo 3DS. Med betre grafikk og smart bruk av dei forskjellige funksjonane 3DS byr på fekk vi ei essensiell perle for både gamle og nye fans.

Men Ocarina of Time er ikkje det einaste Zelda-spelet til Nintendo 64 som hausta store lovord då det kom. Majora's Mask sitt fokus på tid og endring var på mange måtar banebrytande, og du skal ikkje sjå bort ifrå at dette spelet òg vil få same behandling som Ocarina of Time.

Skjermbilete frå The Legend of Zelda: Ocarina of Time.
Skjermbilete frå The Legend of Zelda: Ocarina of Time.

I eit intervju med Zelda Informer har Zelda-produsent Eiji Anouma kasta lys på nettopp denne moglegheita.

– Det har gått 13 år sidan Ocarina of Time først kom ut, og ein av grunnane til at denne gjenfortljinga var mogleg var alle folka som sa dei ville vi skulle lage dette spelet. Vi sa vi kunne gjere det i 3D, noko vi gjorde. Om vi møter like mange emosjonelle rop frå fansen om å pusse opp Majora's Mask, er det ikkje umogleg at vi gjer det.

Anouma meiner også at Majora's Mask sitt fokus på tida kan passe svært godt for 3DS-publikumet:

– Om vi tenkjer over det, å ha eit portabelt Majora's Mask der du på ein måte kan gjere ting i ditt eige tempo – lukke maskina, setje den til sid og kome tilbake seinare – kan det kanskje vere noko fansen verkeleg vil setje pris på. Spesielt om du tenkjer på korleis ein praktisk talt måtte stresse seg gjennom originalen.

Om du trur Majora's Mask vil passe perfekt for 3DS er det berre ein ting å gjere; mase på Nintendo!

Sjekk vår Spelkalender for sleppdatoar. Her får du full oversikt over når dine favorittspel kjem!

Kommentarer (16)

Forsiden akkurat nå

Til toppen