Makaber peik og klikk-thriller frå Sverige

Kva ville du gjort om du fann foreldra dine i ein dam av blod?

Etter å ha vore vitne til at begge foreldra hennar blei brutalt drepne, endar Fran Bow opp på mentalsjukehus. Det er utgangspunktet for spelet Fran Bow frå den svenske duoen Natalia Figueroa og Isak Martinsson.

I spelet som er eit peik og likk-spel av gamlesorten må du hjelpe Fran Bow med å rømme frå sjukehuset. Det betyr å kome seg gjennom samtaler med psykologen, kommunisere med andre born som har hamna på heilt feil plass, samt ta medisin for å ende opp i ei anna verd der Fran kan gjere ting ho ikkje kan gjere i den verkelege verda.

På tide å mikse og matche.

Tradisjonell framgang

Som med mange andre eventyrspel vil Fran Bow by på ei rekke gåter som må løysast ved å studere objekt, samle saman gjenstandar, og til slutt kombinere dei for å løyse utfordringane.

Sidan spelutvikling kostar tid og pengar ar utviklarduoen lansert ein IndieGoGo-kampanje for spelet slik at dei kan fokusere 100% på spelet, og likevel ha råd til mat og husleige. Målet for kampanjen er 20 000 dollar.

Om du synest spelet ser interessant ut kan du allereie no prøve det sjølv. Ein demo for Fran Bow som tek deg gjennom starten av spelet er tilgjengeleg frå IndieGoGo-kampanjesida, og kan spelast på Windows, Linux eller Mac.

Les også: Anmeldelse: Cognition: An Erica Reed Thriller: Episode 1 Les også: Anmeldelse: The Swapper

Siste fra forsiden