Mana-serien er tilbake

Stjerneteam komponerer musikken til nytt mobilspel.

At du var stor, mektig og populær på 90-talet då konsollar som Super Nintendo og seinare PlayStation var heimen til eit mylder av flotte spel, er ingen garanti for at du kan ivareta den posisjonen mange år seinare. Mana-serien til Square Enix blei til dømes svært populær blant fans av japanske rollespel, og spesielt med Secret of Mana som blei lansert på Super Nintendo i 1993.

Fleire spel har blitt laga i serien, men der Final Fantasy byr på store produksjonar, har dei ferskaste spela i Mana-serien vore lage for mindre konsollar som DS. Dette ser ikkje ut til å endre seg med det første. Via VG247 får vi vite at Square Enix har kunngjort Rise of Mana, og denne gongen for iPhone og Android-telefonar.

Demon og engel i ein kropp

Fargerikt gjensyn med Mana-serien.

I Rise of Mana har ein engel og ein demon, med ein god porsjon uflaks, enda opp på jorda. For å overleve må dei dele ein og same kropp, før dei legg ut på eit eventyr i ei verd som ser ut til å ivareta Mana-seriens fargerike stil. I motsetning til 2D-grafikken frå tidlegare spel, vil dette spelet bli presentert i full 3D.

Spelet vil som dei fleste andre spela i serien bli eit actionrollespel, og vil vere gratis å laste ned. Det vil derimot by på mikrotransaksjonar, og det gjenstår å sjå kor mykje du får gjort utan å ta turen til butikken med jamne mellom rom.

Noko av det mest oppsiktsvekkande med Rise of Mana er lista med folk som står for musikken i spelet. Der finn vi The Last Remnant-komponisten Tsuyoshi Sekito, Kingdom Hearts- og Xenoblade Chronicles-komponist Yoko Shimomura, samt Kenji Ito og Hiroki Kikuta. Dei to sistnemnde har lang erfaring med Mana-serien, Ito stod for musikken i det første Mana-spelet som gjekk under namnet Final Fantasy Adventure i vesten. Kikuta på si side komponerte musikken i Secret of Mana.

Square Enix har ikkje stadfesta om Rise of Mana kjem til Europa heilt enno. Dei har derimot vore aktive på mobilmarknaden den siste tida, og lanserte i 2010 Secret of Mana på iOS. Sjansen er difor stor for at dette spelet òg dukkar opp her til lands. Den første traileren frå Rise of Mana kan du sjå nedanfor.

Om du er på jakt etter nokre godbitar til mobilen din bør du sjekke ut vår januarsak om kva vi meiner er dei beste av dei nye mobilspela akkurat no.

Siste fra forsiden