Maniac Mansion-skaparane tar oss med tilbake til 1987

Ron Gilbert og Gary Winnick lagar nytt eventyrspel i god, gammal stil.

Om du meiner alt var betre før, og meir presist; alt var betre då eventyrspela bydde på enorme pikslar og menysystemet tok opp halve skjermen, har vi gode nyhende til deg. Ron Gilbert og Gary Winnick har via ei fersk pressemelding kunngjort sitt neste prosjekt som har fått namnet Thimbleweed Park. Det blir eit nytt spel i nøyaktig same stil som dei første spela til teamet.

Gilbert og Winnick var i si tid teamet som skapte legendariske Maniac Mansion. Spelet var starten på ein viktig epoke i spelverda der Lucas Arts pumpa ut det eine klassiske eventyrspelet etter det andre. Blant dei har vi perler som Monkey Island og Day of the Tentacle.

I sitt nye spel går dei på alle måtar tilbake til røtene, og på Kickstarter-sida til prosjektet kan vi lese at tanken deira er å gje spelarane kjensla av å finne eit gammalt Lucas Arts-spel du aldri før har spelt.

Nye eventyr i gammal stil

Ron Gilbert og Gary Winnick tek oss med tilbake til start.
Ron Gilbert og Gary Winnick tek oss med tilbake til start.

I Thimbleweed Park følgjer vi historia til to avdanka etterforskarar som får i oppdrag å løyse eit drapsmyssterium i byen Thimbleweed Park. Vi vil få ta styringa over fem ulike personar, og spelet skal by på ei rekke ulike sluttar. I tillegg til etterforskarane får vi møte ein klovn som aldri kan bli kvitt klovnesminka, ein død mann som nett har vakna, og ei kvinne som sit midt i opplesinga av testamentet til ein rik onkel.

Spelet har som mål å vere eit nytt, klassisk eventyrspel. Det betyr store pikslar i same stil som dei vi fekk sjå i dei gamle eventyrspela, og menysystem der du i staden for å berre flytte musepeikaren rundt på skjermen vel ulike verb for å bestemme kva du skal gjere. Ein demonstrasjon kan du sjå i videoen nedanfor.

Ron Gilbert og Gary Winnick vil vere gjere det meste av utviklinga sjølve, men vil etter kvart hyre inn nokre ekstra utviklarar for å gjere ferdig arbeidet. Dei har som mål å samle inn omlag 2,5 millionar kroner. Førebels har dei ikkje sagt noko om kva som vil skje om dei klatrar over dette målet.

Klassiske eventyrspel har tidlegare hatt god suksess på Kickstarter. Det førre Broken Sword-spelet blei finansisert med folkets hjelp, og Broken Age frå Tim Schafer var spelet som for alvor fekk Kickstarter til å ta av. Det siste året har derimot suksessraten på Kickstarter gått dramatisk nedover, så det gjenstår å sjå om Gilbert og Winnick vil ha hellet med seg.

Kommentarer (5)

Forsiden akkurat nå

Til toppen