Marerittversjon av Trollmannen frå Oz

Alice-studioet gjer seg klare til å forvrengje atter ei klassisk forteljing.

American McGee er kanskje ikkje det mest kjende namnet i spelverda, men spelutviklaren har likevel klart å byggje ein solid tilhengjarskare. Hovudgrunnen til dette er spelet American McGee's Alice frå 2000. Før dette jobba han derimot blant anna for id Software med kjende seriar som Doom og Quake. I ettertid har han saman med studioet sitt Spicy Horse finansiert actionspelet Akaneiro: Demon Hunters ved hjelp av Kickstarter.

Akaneiro må ha vore ei god oppleving for Spicy Horse, for no prøvar dei seg igjen på å folkefinansiere sitt neste prosjekt. Denne gong reiser dei på sett og vis tilbake til Alice-røtene sidan dei vil forvrengje ei ny klassisk forteljing.

Dorothy slik ho vil sjå ut i OZombie.
Dorothy slik ho vil sjå ut i OZombie.

Zombiene frå Oz

I OZombie tek vi på oss rolla som Dorothy som er best kjend som hovudpersonen i Trollmannen frå Oz-filmen. Dette spelet vil på si side gå mykje hardare til verks enn å hente inspirasjon frå ein film. På Kickstarter-sida for OZombie kan vi lese at dei vil bruke alle dei 14 bøkene om Oz som inspirasjon. Derifrå vil dei så og seie hive alt ned i ei kjøtkvern for å vise oss kva dei meiner eit godt eventyr i Oz burde vere.

Som med Alice vil vi få reise inn i ei mørk og dyster verd full av ekle beist. Spelet blir skildra som eit rollespel for ein spelar i ei stor verd som vil la deg reise til alle områda frå Oz-bøkene. Det vil ha eit stort fokus på historieforteljing og taktiske kampar. Som namnet tilseier vil spelet òg by på ein del zombier, så om du enno ikkje er lei desse krapyla bør du ha god grunn til å glede deg. Når du er ferdig med historia vil du låse opp ein fleirspelarmodus som let deg prøve deg mot andre spelarar.

Kampanjen har eit mål om å samle inn 950 000 dollar, og har i skrivande stund samla inn om lag 80 000. Om kampanjen når målet sitt vil spelet bli tilgjengeleg på Windows, Linux, Mac og diverse uspesifiserte nettbrett i mars 2015.

Les også:Anmeldelse: Alice: Madness Returns
Les også: Ny Kickstarter frå Double Fine

Kommentarer (2)

Forsiden akkurat nå

Til toppen