Mass Effect 1 til PS3

Mass Effect-samling dukkar snart opp i butikkhyllene.

Om du er blant dei mange Mass Effect-elskarane som aldri fekk med deg det første spelet i sagaen om Commander Shepard fordi du berre har PlayStation 3, er endeleg tida di komen. I ei pressemelding har EA fortalt at dei vil lansere Mass Effect Trilogy. Dette blir ei samling med alle dei tre spela i serien i ein boks, og den vil liggje klar i hyllene frå og med 6. november.

Denne datoen gjeld derimot berre for PC- og Xbox 360-versjonane. PlayStation 3-versjonen vil dukke opp på ein seinare dato. Skulle du allereie ha både Mass Effect 2 og 3 til PlayStation 3 i samlinga di treng du derimot ikkje punge ut for alle tre for å få spelt det første spelet. Det originale Mass Effect vil bli tilgjengeleg via nedlasting frå PlayStation Network.

Skjermbilete frå Mass Effect 3.

Samtidig med å kunngjere Mass Effect Trilogy fortel EA at dei 7. november vil starte ei årleg Mass Effect-feiring. Denne får det klengjande namnet «N7 Day». EA fortel samtidig at dei i tida framover vil kome med kunngjeringar relatert til denne feiringa.

Verken EA eller BioWare fortel noko om kor vidt Mass Effect Trilogy vil kome med eller utan nedlastbart innhald. Kor vidt vi får den originale og noko kontorversielle slutten på Mass Effect 3, eller den nye slutten som kom etter klagestorm frå spelarane seier dei heller ingenting om.

Les også: BioWare vurderer Mass Effect 4 Les også: Trodde de betalte for ny Mass Effect 3-slutt

Siste fra forsiden