Massiv strategi i nettlesaren

Danske utvikalarar vil blande StarCraft og Total War.

Om du ikkje er heilt nøgd med nyare strategispel kan kanskje Conquer Mars vere noko for deg. Dette strategispelet blir utvikla av to danskar, og kan spelast rett frå nettlesaren. Spelet droppar alt som heiter basebygging til fordel for umiddelbare kampar.

I spelet vil du starte med ein base som utgangspunkt, og opp til sju andre spelarar vil gjere det same. Rundt omkring på kartet vil du finne fleire grå basar, og for desse er det førstemann til mølla som gjeld. Pengar får du frå å ta over basar, samt oppgradere dei du allereie har. Alle pengane går med til å kjøpe stridsvogner, eller kjøpe kanonar som kan forsvare basen din medan du er på tokt.

Conquer Mars vil by på slag av solid storleik.
Conquer Mars vil by på slag av solid storleik.

Hundrevis av stridsvogner

Conquer Mars får eit solid fokus på at du kan byggje enorme hærer der karta kan fyllast av hundrevis av stridsvogner. Når du kjøper nye stridsvogner kan du velje mellom å kjøpe ein, fem eller tjue om gongen, og om du har fleire basar kan du til dømes kjøpe tjue einingar frå kvar av dei samtidig om du har behov for å pumpe ut nytt maskineri. Alle stridsvognene kan i tillegg oppgraderast.

Sjølv om det lett kan høyrest ut som om spelet berre handlar om å ha den største hæra, fortel utviklarane at dei vil gjenskape den kjensla du får når du nesten er slått, men greier å snu nederlag til siger mot overveldande motstand ved å tenkje smart.

Tospannet i Zero Blood Games har lagt ut ein IndieGoGo-kampanje for spelet sitt. Dei har jobba ei stund med det allereie, men for å få det så bra som dei helst vil ha det treng dei pengar.

Blant elementa dei håpar å få inn i spelet finn vi meir avansert kunstig intelligens, eit solid ranking-system og ein karteditor. Alle som støttar spelet vil få umiddelbar tilgang til aflaversjonen så snart IndieGoGo-kampanjen er over.

Les også: Anmeldelse: Eador: Masters of the Broken World
Les også: Ny Kickstarter frå Double Fine

Kommentarer (5)

Forsiden akkurat nå

Til toppen