Massivt piratspel via Sony

Pirates of the Burning Sea kjem til hausten med ei hjelpande hand frå Sony.

I ei pressemelding har Sony Online Entertainment Plattfrom Publishing kunngjort at dei vil gje ut det massive onlinespelet Pirates of the Burning Sea frå Flying Labs Software. Denne avtala gjev Flying Labs Software full kreativ kontroll over spelet og spelarsamfunnet rundt, medan Sony tek seg av marknadsføring og sal.

Skjermbilde frå Pirates of the Burning Sea

Pirates of the Burning Sea er eit massivt onlinespel som vil la deg ta del i både skipsfart og sverdfekting på 1700-talet. Du kan velje mellom fire nasjonar; England, Frankrike, Spania og piratar. Frå desse nasjonane kan du velje om du vil spele som ein skipsoffiser, ein vågal fribyttar, ein handelsmann, eller ein fryktlaus sjørøvar. Med meir enn tusen oppdrag, dusinvis av hamner å utforske, og heile det legendariske Karribia ved dine føter, lovar pressemeldinga eit nettspel utanom det vanlege.

– Dette samarbeidet vil gje oss tilgong på Sony Online Entertainment sin ekspertise på marknadsføring, distribusjon og sal. Dette tillet oss å fokusere på å utvikle eit fantastisk eventyr for piraten i oss alle, fortel Russel Williams, adm. direktør ved Flying Labs Software.

Pirates of the Burning Sea vil la deg ta del i store slag med seglskip og kanonar. Om du senker skip, vil du kunne plyndre dei alt du måtte orke etterpå. I tillegg inneheld spelet sjølvsagt sverdfekting, og du kan velje mellom tre stilar. For dei som likar å polere skoa sine med tungene til dekksgutane, kan spelet tilby formell fekting. Den brutale typen kan fekte med to sverd, og om du kjenner deg riktig skiten, kan du heller satse på svikeful "Dirty Fighting".

Spelet vil kome med ein intern økonomi fullstendig styrt av spelarane. Saman med andre spelarar vil du kunne byggje opp eigne herredøme i Karribia, og ta over andre område for å utvide makta di. I tillegg til dette vil du kunne byggje steinbrot, smier og tapperi for å tene nokre ekstra slantar.

Pirates of the Burning Sea vil innehalde speling mot både andre spelarar (PvP) og miljøet (PvE). I PvE vil du gjennom diverse oppdrag tene deg opp poeng og rikdom, før du i intense PvP-kampar vil vere med på å avgjere kven som tek over hamnene. Får du kontroll over ei hamn vil dette føre til ei drastisk auke i ressursar og utstyr.

Pirates of the Burning Sea er forventa til PC til hausten.

Siste fra forsiden