Medal of Honor-beta har starta

Xbox 360-eigarar kan starte skytefesten tidleg.

Det er framleis nokre veker til Medal of Honor: Warfighter lanserast. Det betyr derimot på ingen måte at du må vente med å ta på deg rolla som ein vaskekte FSK/HJK-soldat. Allereie no kan alle Xbox 360-eigarar med gullmedlemskap bli med for å sjå kva årets hovudkonkurrent til Call of Duty har å by på.

Eit av dei spanande nye elementa i Warfighter er Fireteam. Dette går kort og greitt ut på at utviklarane i Danger Close vil imitere den verkelege verda. Der er det vanleg for to soldatar å slå seg saman, og utvikle eit nært forhold. På denne måten skal dei tydelegvis kjenne seg knytta til partneren sin sjølv om dei ikkje kan sjå kvarandre.

Dette konseptet blir no ein del av Medal of Honor. Du kan velje deg ein ven, eller person på laget, slik at du alltid kan vite kvar han eller ho er. Utover dette er det bonusar for å samarbeide, som til dømes helse og ammo.

Er du klar for å leike soldat?
Er du klar for å leike soldat?

Medal of Honor: Warfighter-betaen let oss spele som alle dei tolv ulike spesialstyrkene i spelet. Desse er ei samling av dei mest respekterte og dyktige soldatane i verda, og i Warfighter er noko av målet å la spelarane setje dei opp mot kvarandre som i ein kamp mellom superheltar.

Betaen by på den nye HotSpot-modusen der du saman med lagkameratane dine skal forsvare våpenkassar som dukkar opp rundt omkring på kartet. Du får berre tilgang på eit kart, og i det tek vi turen til Bosnia og Sarajevo Stadion.

Medal of Honor: Warfighter er ute 23. oktober.

Les også: Sniktitt: Medal of Honor: Warfighter
Les også: Norkse spesialstyrker i neste Medal of Honor

Kommentarer (17)

Forsiden akkurat nå

Til toppen