Meir action i isaudet

Capcom arbeider med ein ny vri på Lost Planet-serien.

I nyaste nummer av Famitsu har Capcom i følgje Andriasang kunngjort E.X. Troopers. Dette skytespelet sender oss tilbake til den iskalde verda vi kjenner frå Lost Planet-serien, men i ei heilt ny form. I staden for den semi-realistiske grafikken serien er kjend for får dette spelet ein fargerik animestil.

Historia ser òg ut til å vere ganske ulik dei andre spela i dette universet. Vi vil reise til planeten EDN-3rd, der vi blir vitne til den evige kampen mellom den insektliknande rasen Akrid, og snøpiratane. Vi vil spele som Bren Turner, ein ung mann som kjem rett frå akademiet på EDN-2nd.

E.X. Troopers ha eit sterkt skuletema, og på EDN- 3rd må du velje mellom tre forskjellige basar som alle vil by på unike moglegheiter. Her vil du møte blant anna ei jente som kan snakke med Akridane, samt ei robotdrakt som kan kommunisere med føraren. Du kan nok sjå langt etter den isolerande kjensla ein lett kunne få av å vandre rundt i krittkvite landskap i det første Lost Planet-spelet.

Utover dette veit vi svært lite om E.X. Troopers. Det blir produsert av Shintaro Kojima som tidlegare har vore involvert i Monster Hunter-serien. Spelet blir utvikla for PlayStation 3 og Nintendo 3DS. Eit noko spesielt val av plattformer sidan dei tidlegare spela i dette universet alle har dukka opp på PC, PlayStation 3 og Xbox 360.

E.X. Troopers er ikkje det einaste spelet i Lost Planet-universet under utvikling akkurat no. Capcom har hyra inn Spark for å lage Lost Planet 3. Det førre spelet i serien var det kompetente, men frustrerande Lost Planet 2 frå 2010. Eg hadde eit ganske todelt syn på spelet i mi vurdering:

– Eg har eit ekstremt ambivalent forhold til Lost Planet 2. Det er som to vidt forskjellige spel i ei pakke, der eg hatar det eine og elskar det andre. Når Lost Planet fungerer er det noko av det mest engasjerande og frydefulle eg har vore ute for. Den reine og skjære gleda som vellar over deg medan du pumpar fiendar fulle av bly saman med andre erfarne spelarar som veit kva dei driv med, er det vanskeleg å setje ord på.

E.X. Troopers har ikkje fått europeisk dato, men ventast lansert i Japan seinare i år.

Les også: Anmeldelse: Monster Hunter Tri

Kommentarer (3)

Forsiden akkurat nå

Til toppen