Meir Alien-grøss neste veke

Første runde med ekstrainnhald til Alien: Isolation har fått dato.

Om du nett har kome deg gjennom Alien: Isolation, treng du ikkje vente lenge på nye utfordringar. Sega sende tysdag ut ei pressemelding der dei fortel at den første runda med ekstrainnhald har fått namnet Corporate Locdown, og blir tilgjengeleg frå og med 28. oktober.

I utvidinga som blir tilgjengeleg neste veke møter vi ein ny hovudperson. Denne gong møter vi Seegson-tilsette Ransome. Han må kome seg frå skipet Nostromo med ein del viktige filer, samt livet i god forvaring. Corporate Lockdown byr på tre nye kart som alle vil utfordre spelarane til å konkurrere mot kvarandre for å kome gjennom utfordringane på raskast mogleg tid. Utvidinga byr òg på den nye modusen Gauntlet. Der vil spelarane få prøve seg på å kome gjennom alle dei tre karta utan å døy.

Ei stille stund i Alien: Corporate Lockdown.

Corporate Lockdown er berre den første av fleire komande utvidingar. I nær framtida vil vi få fire til, og samtlege vil by på nye hovudpersonar og eigne situasjonar.

Glimrande Alien-spel

Alien: Isolation er utan tvil eit av redaksjonsens høgdepunkt i år. I vår omtale meinte vi det var nøyaktig det Alien-spelet du har venta på:

«Spelet glitrar som mest når alle gameplay-elementa spelar på lag og konspirerer om å iscenesette nokre ordentleg intense augneblikk, prega av kjensler som martrande frykt, rådvillheit og panikk, ofte akkompagnert av gaffel-mot-porselen-fiolinar og urovekkjande høg aerterytme. Det er akkurat sånne augneblikk ein kjem til å hugse med eit nostalgisk smil om munnen når ein om nokre år tenkjer tilbake på gode spelminner.»

Om sinte romvesen på einsame romskip ikkje er heilt di greie, men du likevel veit å setje pris på ei god dose ubehag, kan The Evil Within frå Resident Evil-skaparen Shinji Mikami godt mogleg vere midt i blinken for deg.

Siste fra forsiden