(Bilde: Devolver Digital)

Meir blod og gørre i Shadow Warrior 2

Lo Wang får hjelp av nye allierte i sitt neste eventyr.

Shadow Warrior starta sitt liv i 1997. Då valde Duke Nukem-utviklarane hos 3D Realms å droppe sin machohelt ei stund, for å i staden lage eit spel om den aldrande japanske krigaren Lo Wang. For to år sidan venda Lo Wang tilbake, denne gong i ei noko yngre utgåve, i eit spel frå Flying Wild Hog og Devolver Digital.

Nye Shadow Warrior blei med blod, heftig action og ei solid dose humor raskt ein kultfavoritt, og etter to år har no Devolver Digital avslørt Shadow Warrior 2.

Det ser ikkje ut til å blir mindre blod i Shadow Warrior 2 akkurat.
Det ser ikkje ut til å blir mindre blod i Shadow Warrior 2 akkurat. Bilde: Devolver Digital

På ny er det Lo Wang som må ta opp kampen mot dei mørke kreftene i verda, men denne gongen er han ikkje aleine. I ei fersk pressemelding får vi vite at opp til fire spelarar kan spele saman over nett når spelet blir lansert på PC, PlayStation 4 og Xbox One neste år.

Blir vist fram på måndag

Vi blir lova vill action i prosedyrisk genererte landskap, og ei salig blanding av sverd, skytevåpen, magi og humor. Meir enn det vil ikkje Devolver Digital ut med akkurat no, men måndag 15. juni vil dei ha ei sending på Twitch der dei vil vise spelet i aksjon for første gong. I mellomtida kan du ta ein kikk på den nye traileren til spelet, som vi har lagt til nedanfor.

Monster, møt mutantsverd.
Monster, møt mutantsverd. Bilde: Devolver Digital

Som vanleg frå Devolver Digital, er Devolver-sjef Fork Parker forfriskande frittalande når han skal skildre sin nye baby:

«Sjølv om spelet bugnar over med imponerande grafikk og utsøkte kampar, er det den nesten konstante bombarderinga med Wang-vitsar som kjem til å selje produktet. Kidsa elskar dårleg skjulte penisvitsar. Elskar dei.»

Om Shadow Warrior 2 er verdt å vente på finn vi ut neste år. I mellomtida kan du ta ein kikk på Shadow Warrior frå 2013. Det overbeviste vår mann. Når du er ferdig med det kan du byrne deg på Viscera Cleanup Detail, eit spel der du i rolla som ein vaktmeister får jobben med å vaske opp etter Lo Wangs herjingar i Shadow Warrior.

 

Kommentarer (4)

Forsiden akkurat nå

Til toppen