Meir galskap frå Suda 51

Lagar sideskrollande action saman med Akira-regissøren.

Goichi Suda – betre kjent som Suda 51 – er kjent for å lage spel som skil deg hardt og brutalt frå det meste anna på marknaden. Med spel som No More Heroes, Lollipop Chainsaw og Killer Is Dead har han skapt eit namn for seg sjølv som ein kreativt og temmeleg sær spelskapar. Når han lagar spel endar vi stort sett opp med absurde scenario der vi møter alt frå ei cheerleader-jente med motorsag, til ein agent med robotarm.

No har han slått seg saman med utviklarane av Tokyo Jungle, og sjølvaste Katsuhiro Otomo, regissøren og skaparen av kultklassikaren Akira. Det fortel Eurogamer. Prosjektet dei jobbar med har fått namnet Ranko Tsukigime's Longest Day, og blir eit sideskrollande actionspel for PlayStation 3.

Ein del av kortfilmsamling

Forstå det den som kan.
Forstå det den som kan.

Spelet vil fungere som det femte kapittelet i animekortfilmsamlinga Short Peace. Denne byr på fire korte filmar frå fire regissørar, og Katsuhiro Otomo står for ein av dei. Ranko Tsukigime's Longest Day blir den femte delen og vil server oss historia om studenten Ranko Tsukigime som er elev om dagen og leigemordar om natta.

Den første traileren frå spelet viser det som ser ut til å bli akkurat som vi kan vente frå Suda 51. Mykje lys, mykje farge og eit lass av sære figurar. Vi finn eit skytevåpen som blir spelt som ein fiolin, ein massiv rev som prøvar å ete hovudpersonen, for å nemne noko.

Ranko Tsukigime's Longest Day er klart for nedlasting ein gong i løpet av våren..

Om du er på jakt etter meir galskap i kvardagen kan du ta ein kikk på D4, det Xbox One-eksklusive spelet frå Deadly Premonition-skaparen.

Kommentarer (2)

Forsiden akkurat nå

Til toppen