Meir F.E.A.R. til hausten

Med sidehistorier og nye fiendar blir det ein skummel haust.

Det kritikarrosa spelet F.E.A.R. har sidan lansering for nesten to år sidan spredd seg til både Xbox 360 og PlayStation 3, samt fått ei ekspansjonspakke til PC-versjonen. Spelet var eit skummelt tokt gjennom bekmørke lokale der lommelykta og kuler var dine einaste vener.

No håpar Sierra på å gjenta suksessen med to lanseringar til hausten. Den første er F.E.A.R. Perseus Mandate til PC, ei frittståande tilleggspakke til F.E.A.R., som vil gi deg eit anna perspektiv på hendingane i F.E.A.R..

Du vil bli kjend med ei heilt anna gruppe soldatar, og vi vil få ta del i ei historie som går parallelt med historia det originale F.E.A.R.. I rolla som ein topptrent soldat må du kjempe mot nye fiendar vi ikkje har fått "gleda" av å møte tidlegare.

Den andre lanseringa er F.E.A.R. Files til Xbox 360. Dette blir ei samlepakke som inneheld både F.E.A.R. Perseus Mandate, og tilleggspakka F.E.A.R. Extraction Point. Extraction Point starta der originalen slutta, og du kan lese meir om den i vår omtale.

Både F.E.A.R. Perseus Mandate og F.E.A.R. Files kjem i sal til hausten.

Siste fra forsiden