Meir skrekk i Silent Hill

Konami har kunngjort at det femte spelet i Silent Hill-serien kjem til Xbox 360 og PlayStation 3.

Om du synest det er for lite skrekk og gru på konsollane så langt denne generasjonen, bør du glede deg over nyheita om at Silent Hill V er kunngjort for Xbox 360 og PlayStation 3. Spelet set deg inn i rolla som Alex Shepherd. Han er krigsveteran, og reiser heim frå krigen for å leite etter sin bror som har forsvunne. Jakta hans sender han til Shepherd’s Glen og Silent Hill, og ingenting kan forberede han på kva som ventar han.

Skjermbilde frå Silent Hill V

Spelet vil ta i bruk kreftene i Xbox 360 og PlayStation 3 for å skremme deg som aldri før, og i følgje ei pressemelding frå Konami vil du få enda større kontroll over hovudpersonen enn tidlegare. Spelet vil ha eit nytt og forbetra kampsystem som vil hjelpe deg i konfrontasjonane med dei fryktelege monstera Alex møter i den aude byen Silent Hill.

Samtidig vil oppgåvene og gåtene i spelet få ein ny dimensjon takka vere krafta i Xbox 360 og PlayStation 3. Du vil måtte bruke områda du er i for å finne spor som kan hjelpe deg til å løyse dei mørke hemmelegheitane til Silent Hill. Musikken vil igjen bli komponert av Akira Yamaoka, noko som bør sørge for ei skrekkslagen stemning.

Siste fra forsiden