Mel Gibsons bror håpar å få spele Mad Max

Har spelt inn demo for å vise kven som er sjefen.

Då svenske Avalanche viste fram Mad Max for første gong møtte det ein del reaksjonar av det negative slaget. Hovudproblemet hadde ingenting med kvaliteten på spelet å gjere, men i staden at stemma til Mad Max brått hadde amerikansk aksent. For Mad Max-kjennarar er dette ei ganske stor endring, sidan Mel Gibson snakka australsk i alle Mad Max-filmane.

Den australske spelsida AusGamer starta ein underskriftskampanje for å få endra på dette, og den samla inn så mange underskrifter at Avalanche til slutt gav etter, og lova å endra på dialogen.

Full fres i Mad Max.
Full fres i Mad Max.

Frå bror til bror

Mad Max-skodespelar Mel Gibsons bror Donal Gibson har tydelegvis fått med seg dette, for han har via Urban Legend-regissør Jamie Blanks sendt ein mail til AusGamer med eit lydklipp fullt av dramatisk lyd og musikk der Donal gjer sitt beste for å høyres ut som Mad Max.

Donal Gibson er på si side ein erfaren stemmeskodespelar og har blant anna jobba med teiknefilmserien Justice League. Om Avalanche grip fatt i sjansen på å få ein Gibson med i Mad Max-spelet gjenstår å sjå. Om du klikkar deg vidae til AusGamer kan du høyre lydklippet og dømme sjølv.

Vi tok for øvrig ein kikk på det komande Mad Max-spelet under E3-messa i år. Marius var for det meste positiv til det han såg:

«Det er moro at Warner forsøker å gjenopplive Mel Gibsons gamle actionikon, og det blir svært spanande å sjå kva slags spel dette endar opp med å bli. Så langt kan vi i grunn berre konstatere at utviklarane ser ut til å forstå kva grunnelement som bør vere på plass i et Mad Max-spel, og håpe at dei klarar å setje desse saman riktig slik at vi får den fullverdige veikrigaropplevinga vi alle ynkjer.»

Les også: Anmeldelse: Rage
Les også: Anmeldelse: Borderlands 2

Kommentarer (3)

Forsiden akkurat nå

Til toppen