Anmeldelse

Mercenaries

Dine tenester er kun tilgjengelege på to grunnlag: Feite lønnsslippar, og anledninga til å blåse alt i nærheita til himmels.

Side 1
Side 2

Slik er det tydelegvis å vere leigesoldat. Du er mellomleddet som både jobbar for alle, og jobbar mot alle. Det kjem til ei kvar tid an på kva du har lyst til, eller kva du får ut av det. Du kan velje mellom amerikanaren Chris Jacobs, britiske Jennifer Mui, eller svensken Mattias Nilsson. Akkurat valet av karakter betyr ikkje stort anna enn kva auga dine likar å sjå på, men det får no vere måte på kva vi skal forlange (eller?).

Du er medlem av Executive Operations, ein organisasjon som får jobben gjort der det trengs. Med ein av ditt kaliber treng ein ikkje stort meir. Jobben din er å ordne opp i Nord-Korea. Det har sett ut til at det kunne bli fred i området, men sidan landet no står utan leiar, er det totalt kaos. Ein terrorist-organisasjon med kallenamnet "Deck of 52’s" er hovudmålet ditt, og vegen dit er eigentleg veldig opp til deg. Sjølv om du i utgangspunktet jobbar for Allied Nations, er du fri til å jobbe for kven du vil, når du vil. Det er også mange som gjerne vil hyre dine tenester. Ikkje berre er dei allierte nasjonar i området, men kinesarane viser interesse, samt koreanarar frå både sør og nord, og den russiske mafiaen. Høyrest ut som eit triveleg selskap, ikkje sant?

Kreativ tenking Slagkrafta til Mercenaries ligg i at du er fri til å bestemme sjølv korleis du vil løyse eit oppdrag. Kanskje skal du ta ut visse personar. Ta dei til fange, eller drepe dei (riktignok for redusert bonus). Korleis vil du gjere dette? Vil du snike deg innpå dei, plukke ned fiendar i området med diskresjon, før du slår ned målet ditt og sender det tilbake med helikopter? Eller vil du heller fryde deg over å sjå bygningar rase ned over dei ved å beordre eit fly til å plante rakettar på dei? Valet er ditt, og det er fleire måtar å gjere ting på enn dei få eg har lista opp her. Du kan til dømes slå ned fiendar i staden for å skyte dei, for å halde deg på godfot med dei forskjellige fraksjonane. Om du brått set i gong eit frontalangrep på nokon, endar du opp med å bli stempla som fiende, og då blir det opna ild mot deg så snart du nermar deg.

Om du vil unngå dette, må du unngå å bli sett. Korleis gjer ein det? Jo, enten ved å plukke folk ned frå avstand, eller ved å operere i det skjulte. Skal du skyte ein person blandt mange, stiller Mercenaries opp med ei fantastisk snikskyttar-rifle, som verkeleg treff der den skal. Alternativt kan du ta ein bil frå nokon, i klassisk GTA-stil. Om ingen ser deg gå inn i ein bil, blir du automatisk forkledd som om du tilhøyrer same fraksjon som køyretøyet ditt. Deretter kan du køyre inn blandt fienden som ein av dei. Du har mange val, men du føler aldri at du går deg vill. Du tenker aldri "sukk, kva skal eg gjere no". Det grensar heller over mot "så mange leiketøy, så få mål å knuse". Det følest som å springe rundt i ei gedigen sandkasse der du er fri til å kaste sandkorna akkurat dit du vil.

GTA går til krigen? På mange måtar er Mercenaries krigsversjonen av Grand Theft Auto. Det er mange likheiter, sjølv om det aldri følest som ein kopi. Du kan som nemnt tidlegare kapre bilar (og andre køyretøy også, som stridsvogner og helikopter) frå både allierte, fiendar og sivile, men det er ikkje alt. Strukturen på oppdraga ber også likheiter med Grand Theft Auto. På eit kart oppe i høgre hjørne kan ein til ei kvar tid sjå kvar ein må gå for å finne noko å gjere. Kvar fraksjon blir vist med eit lite flagg, og eit dollarteikn symboliserar ein sjanse til å tene seg litt ekstra gryn. Du er også fri til å gjere oppdrag når du vil. Om du vil jobbe kun for ein fraksjon er det heilt opp til deg. Alternativt kan du jobbe for/mot alle, og tene deg steinrik i prosessen.

Det som først og fremst skiljer Mercenaries frå Grand Theft Auto er settinga. Det er kanskje eit av dei mest overbevisande krigsspela i nyare tid. Områda er fantastiske, og det osar av stemning og sjel i kvar fjerne lille avkrok. Fly susar over hovudet ditt, røyk osar i det fjerne, og du kan høyre skot i bli avfyrt ein stad bak deg. Det heile er meint for å dra deg inn, og det gjer det også. Når du først hamnar i ei skikkeleg krigssone er det verkeleg som ei krigssone. Køyretøy og bygningar eksploderar, og svarte røykskyer gjer det vanskeleg å sjå. Moglegheita for å øydelegge praktisk talt alt, gir også ein ekstra futt til spelet. Når du høyrer lyden av eksplosjonar rundt deg, og røyken hindrar sikta, blir det ekstra spektakulært når dei få tinga du faktisk ser, er bygningar som rasar saman på realistisk vis.

Side 1
Side 2

Siste fra forsiden