Anmeldelse

Mercenaries

Dine tenester er kun tilgjengelege på to grunnlag: Feite lønnsslippar, og anledninga til å blåse alt i nærheita til himmels.

Side 1
Side 2

Ustabil kunstig intelligens Alt er dessverre ikkje like rosenrødt. Eit stykke ut i spelet får du i oppdrag å eskortere ein journalist til forskjellige område der han skal filme siste nytt. Høyrest kanskje ikkje så moro ut i seg sjølv, men det blir verre når du endeleg når fram til journalisten og han ikkje vil gå inn i bilen din. Fleire forsøk bringer deg eit ekstra steg vidare, men resultatet er alltid det same. På eit eller anna punkt reagerar han ikkje lenger på bilen, og blir berre ståande og sjå dum ut. Slike ting er ufatteleg skuffande. Du har spelt i fleire timar og storkosar deg, berre for å møte på slike feil, som om ingenting anna, følest veldig unødvendige. Hadde det vore eit eingongstilfelle hadde eg latt det gå, men det har skjedd meir enn ein gong at eit oppdrag har gått skeis på grunn av at den kunstige intelligensen seier stopp.

Ein og anna gong kan ein byrje å lure på andre delar av den kunstige intelligensen. Om du til dømes kastar føraren av eit fiendtleg køyretøy ut døra, vil personen som styrer kanonen umiddelbart vere på di side så snart du set deg inn. I likheit med journalistar som ikkje vil inn i bilen din, følest dette som ein unødvendig feil som burde ha vore fjerna i god tid før lansering. Samtidig er det også litt underleg at folk ser ut til å gløyme at det var du som bomba ein base, så raskt du har tatt i mot eit oppdrag frå dei. Det forsterkar inntrykket av at spelet handlar litt meir om å øydelegge ting, enn om å ha ei gjennomført handling. Du kan gjere kva du vil mot alle, men det tar eigentleg ikkje lang tid å kome på godfot med dei igjen.

Dette er, heldigvis, kun unntaket som bekreftar regelen. Mercenaries handlar om å ha det moro. Det handlar om å ha friheit til å gjere det du vil på din måte. Det handlar om å sprenge ting i lufta, og det handlar om å aldri ta noko for seriøst. Mercenaries inneheld ei solid dose humor, sjølv om den aldri blir for framtredande. Den er sublim, held seg i bakgrunnen, og dukkar av og til som ei påminning om at det er lov å smile. For dette er ein heisatur, og det er ein grunn til at undertittelen til Mercenaries er "Playground of Destruction".

Alt du vil ha, når du vil ha det Akkurat dette kan verkeleg få eit løft når du opnar din personlege PDA. Frå denne kan du sjå på kart over området du er i, lese siste informasjon, og studere måla dine. Noko anna du kan gjere her, er å kjøpe ting frå Merchants of Menace. Det er her du finn godsakene. Etter kvart som du utfører oppdrag, får du tilgong på meir godteri. Blandt det du kan bestille, er våpen, køyretøy og ildregn frå himmelen (det vil seie fly eller kanonar som slepp bomber og rakettar, om nokon skulle lure). Skulle du brått få lyst på ein rakettkastar kan du også bestille dette herifrå, og eit helikopter kjem og slepp ned ei pakke med godsaker. Det du må vere obs på er at helikoptera kan bli skotne ned av fienden, så det er best å finne eit ope område utanfor fare.

Mercenaries er eit spel prega av grå og brune fargar, noko ein kanskje kan forvente av eit krigsspel. Områda i spelet er gode eksempel på kva ei krigssone kan vere, og spelet har ein veldig bra fysikkmotor som verkeleg gjer eksplosjonar realistiske. Når du køyrer rundt i bil kan ein dessverre få ei kjensle av at spelet ikkje er så fritt som det eigentleg er. Ein endar ofte opp med å køyre langs lange vegar, og det kan til tider verke som om ein køyrer unødvendig lange omvegar for å kome dit ein skal. Terrenget er variert, og er absolutt ikkje flatt og kjedeleg, noko som gjer opp for dette ei stund. Etter kvart som ein har køyrt desse vegane ein del gongar kan ein likevel få eit inntrykk av at det blir litt vel mykje køyring fram og tilbake.

Lyden i spelet er absolutt respektabel og inneheld god musikk, gode lydeffekter, og eit absolutt godkjent skodespel som reflekterar karakterane på ein god måte. No er ikkje eg ein ekspert på våpen, men for mine øyre høyrest lyden av dei forskjellige våpena absolutt bra ut, og lydane av eksplosjonar utfyller absolutt det du ser. Blandar ein alt dette saman får ein ei totalpakke som leverar strålande på omtrent alle punkt.

Konklusjon Trass i sine små sviktar og feil, er Mercenaries eit veldig underhaldande og morosamt spel. Det er moro, og det er vel det som er heile poenget. At dei forskjellige fraksjonane sitt syn på deg av og til følest litt meiningslaust kjennest fullstendig uvesentleg så snart du er ute på eit nytt oppdrag og kan bombe bygningar. Med litt ekstra finpuss kunne nok Mercenaries blitt eit minneverdig spel av dei store, men det er litt for ufokusert til at du sit igjen med "wow"-kjensla etter å ha sett meir enn to-tre bygningar rase saman. Alt blir etter kvart ein vane, og som med mange andre spel, har du også her etter ei stund sett det før. Uansett, Mercenaries er eit uforskamma underhaldande spel med gode oppdrag, og samtidig god variasjon. Spring ut i felten og spreng nokre hus, det er ei ordre!

Side 1
Side 2

Siste fra forsiden