Anmeldelse

Mercenaries 2: World in Flames

Leigesoldat på tomgang

Nokre gongar får vi for mykje av det vi ikkje vil ha, og for lite av det vi vil ha.

Det er lett å bli blenda av store og flotte ord om alt du kan øydeleggje, og alt du kan gjere. I Mercenaries 2: World in Flames kan alt jamnast med jorda, og det jo vere moro! Eller?

Trailer for Mercenaries 2

Vis større

Trailer: Mercenaries 2: World in Flames #5

Stikkord:
  • action
  • spill
  • xbox 360
  • pc
  • mercenaries
  • playstation3
  • world in flames


Eg veit ikkje heilt eg. Store smell og fagre eksplosjonar har jo sin verdi, men dette er eigentleg berre den pompøse innpakninga rundt eit spel som er så smertefullt gravlagt i prehistorisk design, at ein kan få makk av mindre.

Det er lett å misforstå. Mercenaries 2 har definitivt sine fantastiske stunder der du storkosar deg, men vegen dit er lang. Den er frykteleg lang, og snirklar seg på trygg avstand rundt alt det du eigentleg vil gjere. Det er som å reise på tur til eit eksotisk land, berre for å innsjå at turistbussen utelukka køyrer gjennom tunnelar. All den fascinerande arkitekturen, og dei fantastiske landskapa er berre synlege når du endeleg når ein rasteplass.

Det er likevel pent, men du hadde vel kanskje planlagt å bruke litt meir tid på å studere landet, enn på å ta særemne i tunneldesign?

Tilbake til fortida

Det er mange ting ein kan angripe Mercenaries 2 for, men det kan vere greitt å byrje med det du vil merke først: Den kunstige intelligensen er heilt forferdeleg. Berre ved å setje deg i ein bil, og tråkke inn gassen, vil du smertefullt erfare det. Fotgjengarar får panikk av tempoet ditt, og spring ut i vegen. Dei spring ikkje og gøymer seg bak ei busk, neida, her skal vi finne ut korleis det kjennest å få nokre tonn med stål rullande over ryggrada. Interessant nok skjer det same heile tida. Visse punkt på vegane vil alltid ha fotgjengarar, og desse vil alltid springe ut i vegen, på nøyaktig same stad. Det er som om heile greia er planlagt for å plage deg. For du mistar pengar om du drep sivile skjønar du.

Dette er likevel berre forsmaken. Når du endeleg kastar deg ut i kamp mot fiendane, viser heller ikkje dei mykje teikn til intelligens. Dei er låst til eit fast mønster, og dette mønsteret fortel at dei skal stå i ro og skyte. Sjølv om fienden står med rakettkastar rett ved ein svær oljetank, vil han ikkje tenkje seg om to gongar før han prøvar å skyte deg, gjennom oljetanken. Du kan jo tenkje deg til resultatet.

I andre situasjonar skal du kidnappe ein viktig person. Då hamnar du sjølvsagt i ei utveksling av krutt igjen. Det interessante her er korleis dine fiendtlege soldatar ser ut til å fullstendig gløyme at dei er her for å beskytte den personen du er ute etter. Du får meir peng om du får tak i personen levande, men fiendane dine skyt på deg, gjennom den viktige personen. Utan å blunke sjølvsagt. Om du er ekstra heldig har dei ei stridsvogn eller eit helikopter med rakettar. Då vil dei òg skyte mot deg, og det spelar inga rolle om den «viktige» personen står i fare for å dø.

Pang du er død!

Det gir ikkje akkurat meining, og det skapar ikkje akkurat ein illusjon av ei levande verd. Det er likevel ein ting som provoserer enda meir med den kunstige intelligensen. Sjølv om fiendane er dumme som stokkar som har stått i jorda litt for lenge, veit dei kvar du er. Alltid. Du kan klatre opp ein skrent, og før du når toppen, før nokon i det heile har hatt moglegheit for å sjå deg, høyrer du «leigesoldaten er her!».

Dei byrjar å skyte før du har fått sett noko som helst, og dei er forbausande treffsikre til å vere så langt borte. Der du trudde du kanskje hadde funne ein bra plass å plukke ned fiendane frå, endar du i staden opp med ein haglskur av kuler og rakettar.

Heldigvis er det svært vanskeleg å døy. Sjølv om helikopteret du kanskje sit i, blir sprengt i lufta, og du fell nokre kilometer mot bakken, vil du alltid ha litt liv igjen. Du tar lett svært mykje skade, men du er jaggu passe seig. Dette gjer likevel ikkje ting betre. Når du først er nede på nesten null i helse, er det vanskeleg å gjere noko som helst utan å risikere døden. Har du først fått opp helsa igjen, veit som sagt fiendane kvar du er, og helsa er nede igjen.

Slikt må du leve med svært ofte. Det går opp og ned i ein bakke som for det meste startar på toppen av eit fjell, og endar ved sjøen. Du blir provosert, irritert, frustrert, og mildt sagt forbanna. Du blir så sint at du banner og brøler svært upassande ord til TV-skjermen, som om det er der feilen ligg.

Men av og til, av og til får du lov til å gjere akkurat det innpakkingspapiret lova. Om det så er frå eit helikopter, med utplasserte bomber, eller ein jetpilot som utfører oppdrag for deg, du får lov til å sprenge ting. Du får sprenge alt det du vil, og det er herleg. Det er så deileg å endeleg få lov til å sjå ting falle saman, og røykskyene velle utover. Det er faktisk fantastisk nok til at du gidd spele litt meir.

Når du først har spelt nokre timar, og du får tilgang på fleire ting, vil øydelegging ta over mykje av tida di, og du slepp bruke så mykje tid på dei frustrerande fotsoldatane. Betre våpen og utstyr, betyr meir effektiv utsletting av skadedyr, og dette fører til at du må ty til eit simpelt maskingevær i mindre grad. Om du kan sende ned rakettar frå eit helikopter i staden for å springe rundt med ein pistol, gjer du det.

Mislukka forsøk

Det er ganske trist at Mercenaries 2 ikkje er betre, for det er eit spel som har utruleg mykje potensiale. Det er veldig mange element i spelet som er ei rein og skjær fryd, og dei har alle ein ting til felles: eksplosjonar. Når du verkeleg får lov til å slå deg laus med det du faktisk er her for å gjere, fungerer det så til dei grader. Du har eit enormt utval av våpen å velje mellom, og dei er alle ei fryd å bruke.

Om det så er store bygningar, eller stridsvogner som står i vegen for deg, å angripe er ufatteleg moro. Ting sprenger som om dei aldri skulle ha gjort noko anna, og om du har ein liten pyroman i magen, kjem du til å forgude dette spelet.

Problemet er alt skvipet Pandemic har blanda inn i miksen. Det einaste som fungerer i Mercenaries 2 er å sprenge ting. Alt anna er enten middelmåtig eller elendig, og det dreg ned den heilheitlege kjensla spelet gir deg. Du må ut på mange oppdrag der du for all dei ikkje må sprenge store bygningar, eller drepe ein spesiell person, og her jobbar spelet alltid hardt imot deg.

Andre døme er når du må ut på tidenes dårlegaste racingløp. Det skjer fleire gangar, og dei er alltid fulle av problematiske situasjonar det er heilt umogleg å forutsjå. Er du heldig kjem du deg eit godt stykke på første forsøk, men du møter alltid veggen. Om det så er i form av eit ulendt terreng som får kjerra di til å hoppe i lufta og lande på ryggen (du kan ikkje snu den rundt igjen), eller ein rakett som kjem susande frå ein ukjent vinkel og sprenger deg i filler før du får gjort så mykje som å tenkje tanken på betre tider.

Mellom barken og veden

Som leigesoldat er det di oppgåve å tene pengar, og du har nok skjønt at dette er noko du gjer gjennom å sprenge eller drepe. Det er mange fraksjonar i spelet, og dei endar alltid opp med å på eit eller anna tidspunkt ville ta rotta på kvarandre. Dette stiller deg ovanfor eit lite dilemma. Vil du vere ven med alle, eller vil du følgje ein av fraksjonane slavisk?

Begge deler har sine fordelar og ulemper. Om du vel å gjere alle oppdraga ein fraksjon ber deg om, vil du få tilgang på dei feitaste våpna. Samtidig vil dette gjere motståande fraksjonar veldig fiendtlege ovanfor deg, og sender salvene sine av garde, om dei så mykje som ser deg. Det er ein fin balanse det kan vere vanskeleg å halde, men det er no meininga òg.

Ut frå dette kjem det ikkje mykje historie. Du kan riktignok velje mellom tre forskjellege personar, men dette spelet handlar om det du gjer, ikkje kvifor du gjer det. Dette er eigentleg ein formel som fungerer veldig bra. Du drep og sprenger det du vil, du gjer ein fraksjon glad, og ein anna sint. Du får mange nye våpen, og kan halde fram i same leia. Dette er ikkje ei historie om kapitalisme og anarki, det er ei sandkasse der du for det meste gjer som du vil.

Nettbasert samarbeid

At du ikkje får ei historie prakka på deg er noko som fungerer godt for spelets samarbeidsmodus. Over nett kan du spele saman med ein ven, slik at det er to leigesoldatar i staden for ein. Det er klart dette aukar underhaldningsverdien nokre hakk, slik samarbeid som regel gjer, men det får deg ikkje til å gløyme alle feila ved spelet. Du kjem deg raskare gjennom dei kjedelege partia, men det blir samtidig farlegare å bruke kraftige sprengstoff. Du kan lett ende opp med å henrette venen din, men du kan heldigvis lett vekkje han til live om uhellet skulle vere ute.

Det kunne med fordel ha vore meir liv i Mercenaries 2-verda, og spesielt gjeld dette lyden. Du har nokre partnerar som sit i ein villa og ventar på ordre, og desse folka seier det same heile tida. Til dømes har vi Fiona, som sit ved ein PC og held deg oppdatert. Ho gir deg dei same nyttige tipsa frå aller første speleminutt, til alle siste speleminutt. Opplysningen 1881 kan vere ein god ven når du er i ukjent farvatn, men i din eigen heim blir det litt meiningslaust.

Det fattige lydbiletet går igjen når du reiser rundt i den store og pene verda. Når du er i kamp skrik og brøler soldatane det same heile tida, og dei få gongene du høyrer sivile folk seie noko, seier dei òg det same kvar gong. Det blir ganske blodfattig, sjølv om dei store eksplosjonane høyrest svært så overbevisande ut. Det som først og fremst reddar presentasjonen, er ei verd som er stor og vakker, sjølv om ein del planter har ein tendens til å sjå litt ut som gummi.

Konklusjon

Som oppfølgjaren til eit usedvanleg artig spel, er Mercenaries 2: World in Flames ein liten kalkun. Det er ikkje eit heilt mislukka spel, sidan det har veldig mykje bra innhald, men det er for mykje tull rundt alt det gode. Du må slite deg gjennom kjedelege og uinspirerte kampar mot soldatar med intelligens som ein roten skosole, og deprimerande nok er det akkurat dette som vil oppta mesteparten av tida di.

Mercenaries 2: World in Flames burde ha vore betre enn forgjengaren, men er diverre ikkje det. Eit lite gjenopptak av originalen demonstrerer eit spel som framleis er langt meir underhaldande enn kva Pandemic sin siste våpenfest blir på noko punkt.

Mercenaries 2: World in Flames finnes òg til Playstation 2, men den utgåva er ikkje vurdert.

Siste fra forsiden