Metal Gear Online er offisielt lansert for PC

Kommer som en enorm, gratis oppdatering.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Metal Gear Solid V: The Phantom Pain sin fleirspelardel for PC kom offisielt ut tirsdag kveld. Fleirspelardelen er gratis for alle som har spelet på PC, og kjem i form av ein oppdatering på rundt 3.7 gigabyte. Til tross for litt problem med «peer-to-peer»-oppkopling og krasjing er fleirspelardelen relativt finpussa.

Metal Gear Online har vore tilgjengeleg på konsoll sidan oktober, men PC-versjonen blei utsatt til januar. Konami skreiv på Steam-forumet til Metal Gear Solid i august at dei ville bruke meir tid på å optimisere PC-versjonen.

Problematisk lansering

Det var på det tidspunktet ikkje fullverdig støtte for Windows 10 og dei ville jobbe med å tilpasse djupneskarpheit og andre grafikkinnstillingar til fleirspelardelen. Dei som prøver fleirspelardelen skjøner fort at djupneskarpheit gjer det vanskeleg å sjå andre spelarar i rørsle, slik at ein må slå det av.

Fleire av nivåa er på nattestid, som gjer sniking til ein viktig mekanikk.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Ein betaversjon av Metal Gear Online for PC kom ut 13. januar, men blei tatt ned igjen etter kort tid. Brukarane hadde funne ut korleis ein kunne utnytte ein feil, og såleis gratis få tak i valuta som blir brukt i mikrotransaksjonar. Det var mogleg å kjøpe valutaen i spelets butikk utan at ein blei belasta for det. Det gjekk ikkje meir enn ein dag før betaen kom tilbake, og Konami hadde fiksa feilen.

Tirsdag kom den fullverdige versjonen, og det har stort sett gått greit denne gongen. Fleirspelardelen er nesten like godt optimisert som einspelardelen.

Det er likevel ein god del rapportar på Steam-forumet om problem med krasjing, utan at nokon løysing har kome på plass enno. Det var og eit problem med «trykk-for-å -snakke» funksjonen i spelet, slik at det har blitt midlertidig fjerna. Ein må difor forvente å måtte slå av stemmechat, då ein høyrer alle som har mikrofon på heile tida. Konami har førebels ikkje kome med noko offisielt utsegn om krasjinga, eller om når ein kan forvente å få tilbake ein mindre irriterande variant av stemmekommunikasjon.

Ein oppdatering som slår på igjen «trykk-for-å-snakke»-funksjonen kom torsdag morgen. Konami har også forbetra søkinga etter andre spelarar, slik at ein no fortare kjem inn i ein kamp.

Dei som speler ein heil kamp i fleirspelarmodusen før 26. januar får ein bonus på 3000 «Gear Points». Desse poenga lar ein låse opp nye antrekk og liknande til karakteren ein speler.

Potensial for e-sport på PC

ESL har hatt turneringar for Metal Gear Online på konsoll i ei stund no, og det er godt mogleg dei også vil bli vertskap for turneringar på PC dersom spelarbasen blir stor nok. Turneringane på ESL starta i desember, og skal halde fram til slutten av februar. Konami har kome med ein samla prispott på 106 000 kroner fordelt på fem forskjellege regionar for konsollversjonen.

Gamer.no har forsøkt å ta kontakt med Konami for å høyre om dei vil ha ei liknande satsing på PC, men har ikkje førebels lukkast med å få noko svar.

Siste fra forsiden