Metal Gear Rising får demo

Neste veke kan du sjølve smake fruktene av samarbeidet mellom Platinum og Kojima.

Metal Gear Rising: Revengeance er eit modig nytt steg i Metal Gear-serien. Der vi stort sett har møtt ein eller annan inkarnasjon av Snake – helten med den grove stemma – er det Raiden som er hovudperson denne gong. Vi møtte han først i Metal Gear Solid 2: Sons of Liberty, og fekk seinare eit gjensyn med den kvithåra kjekkasen i Metal Gear Solid 4: Guns of the Patriots.

Der Metal Gear Solid-serien baserer seg på sniking og lusking i skuggane er Metal Gear Solid den rake motsetning. Spelet er utvikla av Platinum Games som tidlegare har skapt det herlege Bayonetta, og det i seg sjølv burde seie ein del om kva vi har i vente.

Til og med maskiner kan blø.
Til og med maskiner kan blø.

Metal Gear Rising er eit actionspel i høgt tempo der sverdsvinging står i sentrum. Sverdet har fått så stort fokus at du i spelet kan presisjonskutte kroppsdelane til fiendane dine til tidvis ganske makaber effekt. Vi tok ein kikk på spelet under E3-messa i fjor, og hadde berre lovord å kome med:

«Å spele ein kort og konsentrert demo som berre viser eit spels beste sider er aldri ein veldig god måte å døme eit spel på. Det er derimot nok til å få vatn i munnen, fråde om kjeften og intense abstinensar. Metal Gear Rising: Revengance var moro. Det var faktisk vanvittig moro, og det er kanskje noko av det beste eg prøvde på heile messa. Det er fri og frank action som ikkje prøvar å gjere noko anna enn kva som er best for eit spel som berre vil vere verdas beste actionspel.»

Neste veke, nærare bestemt tysdag 22. januar, kan du sjølv prøve ut herlegdomen. Då landar ein demo på både PlayStation 3 og Xbox 360 får vi vite via VG247.

For å feire denne nyhenda har Konami lagt ut ein fersk trailer frå spelet som gir ein god indikasjon på kva spelet byr på, og du kan sjå den nedanfor.

Metal Gear Rising: Reveangance kjem i sal for PlayStation 3 og Xbox 360 21. februar.

Les også: Konami jobber gjerne med Platinum igjen
Les også: Bayonetta er tilbake

Kommentarer (6)

Forsiden akkurat nå

Til toppen