Metal Gear Rising får ekstrainnhald

Solid Snake luskar i skuggane, og Kojima er positiv til fleire sidehistorier.

Samarbeidet mellom Kojima Productions og Platinum Games kunne raskt ha blitt eit solid kulturkrasj, men i staden enda Metal Gear Rising: Revengeance opp som eit fenomenalt actionspel som overgår seg sjølv i eit knusande tempo.

Om du ikkje fekk nok med hovudpakka er det meir på veg. Den første dosen med ekstrainnhald blir 30 VR-oppdrag der du i ei virtuell verd skal hamle opp med diverse utfordringar. I denne pakka vil du i tillegg til å kunne spele som ein trebeint gekko, og kjempe utan våpen i eit sideskrollande oppdrag, få eit ganske spesielt tresverd. Eit sverd av tre høyrest kanskje ikkje ut som eit effektiv våpen, men sverdet har blitt impregnert med ein bit av sjela til Solid Snake, og medan vi slår får vi høyre stemma hans, får vi vite via Eurogamer.

Jetstream Sam står til disposisjon.
Jetstream Sam står til disposisjon.

I tillegg til denne pakka kjem to bitar til med ekstrainnhald. I den eine får vi spele som den eine hovudfienden frå Metal Gear Rising: Revengeance; Jetstream Sam. I den andre får vi spele som robothunden som følgjer med Raiden på eventyret hans. Kor vidt desse to pakkane med innhald berre er i form av kampscenario, eller om dei kjem med historie vitast ikkje. Berre den første av dei tre pakkane med innhald er så langt kunngjorde for Europa, men med den gode mottakinga spelet har fått skal vi ikkje sjå bort frå at vi får prøve oss på resten òg.

Spin-off med The Boss?

Salet av Metal Gear Rising: Revengeance har så langt gått bra, og i eit intervju med VG247 fortel Kojima at suksessen til spelet gjev han større spelerom hos Konami. Han er opptimistisk til å la Platinum Games lage ein oppfølgjar til Metal Gear Rising, men han ser samtidig føre seg andre moglegheiter:

«Eg vil kanskje lage andre spel i framtida, og vi får kanskje eit nytt Rising, men eg vil ikkje gjere ein vane av å lage spin-offs. Personleg vil eg gjerne lage eit spel med The Boss som hovudperson.»

The Boss er ein viktig person i Metal Gear-universet. Ho var grunnleggjaren av Cobra Unit, og fungerte som mentor for Naked Snake. Det var faktisk på grunn av ho at Snake byrja å gå med bandanen sin, som raskt blei hans varemerke. Korleis ser du føre deg eit spel med The Boss i hovudrolla?

Les også: Anmeldelse: Metal Gear Solid HD Collection
Les også: Se Metal Gear-videoen som imponerte alle

Kommentarer (5)

Forsiden akkurat nå

Til toppen