Metal Gear Rising knuser PC-en din i januar

PC-versjonen av det heftige actionspelet har fått lanseringsdato.

Eit av årets best mottekne spel her i redaksjonen var Metal Gear Rising: Revengeance, som såg si lansering på Xbox 360 og PlayStation 3 i februar. Det var eit fyrverkeri av eit spel signert Bayonetta-utviklarane i Platinum Games. At dei kan sine saker veit vi frå før, sidan fleire av utviklarane er avhopparar frå Capcom som tidlegare jobba med Devil May Cry-serien.

I Metal Gear Rising: Revengeance møtte vi hovudpersonen Raiden som først blei introdusert for Metal Gear-publikummet i PlayStation 2-spelet Metal Gear Solid 2: Sons of Liberty. I Metal Gear Rising er han ein rimeleg aktiv cyborgninja som kan lage hakkemat av alt som kjem i hans veg.

Denne fyren har ein arm for mykje. Kapp den av.
Denne fyren har ein arm for mykje. Kapp den av.

Mange har etterlyst ein PC-versjon av spelet, og i dag har Konami sendt ut ei pressemelding der dei fortel at Metal Gear Rising: Revengeance blir tilgjengeleg på PC 9. januar. Pressemeldinga seier ingenting om Linux- og Mac-versjonar. Det er difor best å gå ut ifrå at dette berre gjeld Windows-maskiner.

Ekstra innhald med på kjøpet

PC-versjonen av Metal Gear Rising byr på hakket meir innhald enn originalutgåva. Nedlastbart konsollinnhald som VR-oppdrag og to kapittel med Bladewolf og Jetstream får du med på kjøpet. I tillegg vil du kunne spele om igjen alle sjefskampane når du sjølv vil.

Enkelte PC-versjonar av japanske konsollspel har hausta negative reaksjonar fordi dei blant anna har gjeve spelarane svært få grafiske val. Konami gjer i pressemeldinga eit poeng ut av å presisere at dette ikkje vil gjelde PC-versjonen av Metal Gear Rising.

Om du skulle ha fingerkløe etter litt spenstig action før 9. januar gjer du lurt i å sjekke ut DmC: Devil May Cry, eit anna av årets knallsterke actionspel.

 

Kommentarer (14)

Forsiden akkurat nå

Til toppen