Metal Gear Solid-prolog er klar for Steam

Big Boss gjer seg klar for å infiltrere PC-en din før jul.

Om du har venta med lengsel på å få spele det nyaste tilskotet i Metal Gear Solid-familien på PC, er tida snart inne. I ei fersk pressemelding får vi vite at Metal Gear Solid V: Ground Zeroes lanserast via Steam 18. desember. Det er godt over eit halvt år etter det blei lansert på konsoll.

Steam-versjonen vil ikkje by på mykje nytt, men det grafiske får seg eit passande løft. Konami fortel at spelet vil støtte 4K-oppløysing, samt fleire lyskjelder for å få verda til live på enda meir overbevisande vis enn i konsollversjonane. På toppen av dette vil Steam-versjonen kunne vise fleire figurar på skjermen samtidig.

Big Boss på eventyr

Ground Zeroes er opptakta til neste års Metal Gear Solid v: The Phantom Pain.
Ground Zeroes er opptakta til neste års Metal Gear Solid v: The Phantom Pain.

I Metal Gear Solid V: Ground Zeroes trer vi inn i skoa til Big Boss, og får bryne oss på eit langt friare eventyr enn tidlegare Metal Gear Solid-spel har kunna skilte med. Ground Zeroes er på ingen måte eit langt spel, men fungerer som ein prolog til det komande storspelet Metal Gear Solid V: The Phantom Pain som lanserast neste år.

Spelets frie natur var ikkje heilt nok til å overbevise oss om at dette var verdt å bruke pengane på då det blei lansert i mars. Vi meinte det heile var ganske meiningslaust:

«Ground Zeroes' hovedproblem er at spelet verkar som ei heilt meiningslaus utgjeving. Alle partar hadde tent på om Kojima hadde hatt litt meir is i magen og gjort eit ferdig stykke arbeid i staden for å dytte ut smakebitar som dette. Det er likevel overhovudet ingen grunn til å byrje å tvile på Phantom Pain av den grunn, tvert imot.»

Om du treng di dose Metal Gear umiddelbart, eller vil ha litt meir hektisk action enn Metal Gear Solid-serien har for vane å by på, bør du ta ein kikk på suverene Metal Gear Rising: Revengeance.

Kommentarer (11)

Forsiden akkurat nå

Til toppen