Metal Gear Solid V: Ground Zeroes har fått dato

Både Sonys og Microsofts plattformer får eksklusivt innhald.

Det neste kapittelet i Metal Gear Solid-sagaen er snart over oss. Med Metal Gear Solid V vil Hideo Kojima gjere store endringar på formelen vi har blitt kjende med sidan Metal Gear Solid dukka opp på PlayStation i 1998. Det er framleis sniking som står i sentrum, men det nye spelet vil by på ei større og opnare verd som Kojima sjølv har skildra som ein «snikesimulator i ei opa verd».

Spelet blir så ambisiøst at det har blitt delt i to. Hovudspelet kjem i form av Metal Gear Solid V: The Phantom Pain, eit spel som så langt står heilt utan lanseringsvindauge. Før den tid får vi leike oss med Metal Gear Solid V: Ground Zeroes, eit nedlastbart spel til Xbox 360, Xbox One, PlayStation 3 og PlayStation 4 som vil introdusere oss for dei nye mekanikkane i Metal Gear Solid V. Denne prologen har no fått lanseringsdato 20. mars, kan vi lese hos Eurogamer.

Eksklusivt innhald

Litt retromoro i Metal Gear Solid V: Ground Zeroes på PS3 og PS4.
Litt retromoro i Metal Gear Solid V: Ground Zeroes på PS3 og PS4.

Metal Gear Solid V: Ground Zeroes vil kome i to versjonar. Ein for Xbox 360 og Xbox One, samt ein for PlayStation 3 og PlayStation 4. Dei to versjonane er i utgangspunktet identiske, men kvar av dei vil kome med eit eksklusivt oppdrag.

For PlayStation-eigarane vil dette kome i form av «Deja Vu», eit oppdrag der du får spele som Snake meir eller mindre slik han såg ut i det første Metal Gear Solid-spelet.

Om du i staden vel Xbox-versjonen av spelet vil du få hive deg ut på oppdraget «Jamais Vu». Her får du ikkje spele som Snake, men i staden dreg du på deg skoa til Raiden som hadde hovudrolla i det spinnville actionspelet Metal Gear Rising: Revengeance frå tidlegare i år.

Kva tenkjer du om plattformeksklusivt innhald av denne sorten?

Kommentarer (25)

Forsiden akkurat nå

Til toppen