(Bilde: Konami)

Metal Gear Solid V: The Phantom Pain har fått dato

Hausten startar med eit taktisk smell.

Eit av årets definitivt mest etterlengta spel er Metal Gear Solid V: The Phantom Pain frå Hideo Kojima og hans studio Kojima Productions. Dette spelet tek den velkjende snikeformelen frå Metal Gear Solid-serien og puttar den inn i ei opa verd der skiftande natt og dag-, samt vêrsyklusar skal skape enormt mange moglegheiter for spelaren.

I ei pressemelding onsdag avslører Konami at Metal Gear Solid V: The Phantom Pain fått spikra fast ein lanseringsdato 1. september. Då lanserast spelet på PlayStation 4, PlayStation 3, Xbox One og Xbox 360. To veker seinare, 15. september, lanserast det på Steam.

Den nye versjonen av Metal Gear Online vil lanserast samstundes med lanseringa av Metal Gear Solid V: The Phantom Pain.

Valfridom og absurd galskap

Ei stor verd ligg for dine føter i Metal Gear Solid V: The Phantom Pain.
Ei stor verd ligg for dine føter i Metal Gear Solid V: The Phantom Pain. Bilde: Konami

Hideo Kojima er ikkje kjend for å gjere som folk flest, og dette ser ikkje ut til å endre seg med det første. Metal Gear Solid V byr – ved sidan av store moglegheiter til å forme dine eigne framgangsmåtar – på blant anna oppblåsbare spøkjelse og ein ulv med augelapp.

For eit år sidan lanserte Konami Metal Gear Solid V: Ground Zeroes. Dette var eit kort spel som fungerte som ein demo og introduksjon til kva vi har i vente med Metal Gear Solid V: The Phantom Pain. Målet med spelet var å vise kor mange ulike måtar ein har å løyse utfordringane på, men alle var ikkje like imponerte over tiltaket. Deriblant fann vi får eigen Magnus som meinte det heile var ganske unødig:

«Ground Zeroes, Phantom Pains aperitiff, er ein liten og melete, men godt laga lykkekake som inneheld meiningslause små ordtak om kor god hovudretten kjem til å bli.»

Kor bra Metal Gear Solid V: The Phantom Pain endar opp med å bli, gjenstår å sjå. Det får vere opp til kvar enkelt å døme om ein skal ta til seg Hideo Kojimas ord om at PlayStation 4-traileren til Grand Theft Auto V var så bra at den gjorde han deprimert.

Kommentarer (10)

Forsiden akkurat nå

Til toppen