Anmeldelse

Metal Gear Solid 3: Snake Eater

Prologen til Metal Gear Solid 3: Snake eater kan vere så lang som nesten tre timar. Det seier sitt om eit spel der ikkje alt er som ein er vandt med. Kor mange spel kan skilte med ei tittellåt som går samtlige James Bond-sangar ein høg gang? Ingen, det er svaret, og ordet få med respekt for seg sjølv tør ta i bruk. Metal Gear Solid-serien er så unik at det nesten blir som ein sjanger i seg sjølv. Det er ikkje eit spel, det er ikkje ein film, men det er den perfekte samansetninga av to medium som eigentleg har svært mykje til felles. Hideo Kojima har bygd opp eit spel som får sjå dei dyraste Hollywood-produksjonar til å sjå ut som leiketøy for born. Kojima tar det så langt at grensa til det patetiske er like tynn som spindelvev, men akkurat som spindelvevet, held alt saman på mirakuløst vis.

Snake er ute på sitt aller første oppdrag, og det er eigentleg alt eg vil fortelle deg om historia. Å fortelje meir ville vere eit hån mot Hideo Kojima og den brilliante historia han fortel med ei mesterleg hand. Ein anna vesentleg detalj dei fleste nok har fått med seg, er riktignok at spelet foregår på seksti-talet. Dette har påvirkar spelet i vesentleg grad på mange frontar. Du får forklaring på ein heil del, og ein del utstyr du kanskje har vore vand med er enkelt og greit ikkje oppfunne enda. Alt du finn av radarar og verktøy går til dømes på batteri.

Chuck Norris, ta deg ein bolle!
Metal Gear Solid 3: Snake Eater sender deg rett ut i jungelen, og den kan faktisk vere ei fare i seg sjølv. Ikkje berre møter du soldatar på patrulje, men krokodiller skjuler seg under vatnet, og slangar heng frå trea. Er du riktig uheldig får du igler på deg som suger deg tom for krefter. Akkurat her kjem tittelen på spelet for sin dag. Du må ete for å overleve. Ved å drepe dei forskjellige typar dyr du støter på i jungelen, kan du plukke dei opp som mat for å kome til hektene. Forskjellige dyr gir forskjellig grad av styrke, og i kor stor grad eit dyr er bra for kroppen finn du kun ut ved å prøve deg fram. Snake smakar på dyret, og gir ein kommentar med si banalt barske stemme; ”Mmm, Tasty!” Er du riktig heldig får du sjå ein sekvens der Snake går ned på eit kne og meskar seg med dyret, kva det enn skulle vere.

Dyr hjelper deg riktig nok ikkje med anna en stamnia, noko som påverkar kor rask og stødig du er. Sjølve helsa regenerar sjølv, men kan bli hindra av skader av forskjellig slag. Har du blitt skoten, må du pirke ut kula, desinfisere og legge bandasje på. Igler fjernar du med ein sigar. At eit spel legg så stor vekt på slike ting som i alle andre spel blir tatt for gitt, er eit eksempel i seg sjølv på at Metal Gear Solid 3: Snake Eater kun minnar om få andre spel i verda; dei andre Metal Gear-spela. Likevel, trass mat og legekunnskapar, hovudvekta ligg på snike-oppdrag, noko sjefen din er veldig glad i å påpeike.

Rambo, gå og legg deg!
Snake er ein mester i å kamuflere seg, ein del av spelet som verkeleg har blitt dratt til det ekstreme. Du har to typar kamuflasjar; ein for ansiktet, og ein for kroppen. Til ei kvar tid kan du gå inn på menyen for å sjå kva som gir deg best kamuflasje i eit gitt område, og områda skiftar konstant. Skal du til dømes krype gjennom graset, passar ei grønspetta drakt. I rustne bygningar; ei drakt med røde og svart flekkar. Det same gjeld for ansiktet, men det er også her all fornuft forsvinn. Som ansiktsmaling kan du i staden for typisk kamuflasjemaling sminke deg som eit skjelett, eller du kan ta i bruk eit av dei mange flagga, som til dømes sverige. Genialt ikkje sant? Du kan også velje å springe rundt med bar overkropp, sånn berre for å bevise at det er kun ein mann i skogen, og hans namn er Snake. Nye drakter dukkar opp på mange måtar, enten ved å kome til nye område, eller ved å få til forskjellige prestasjonar.

Det er synd å sei det, men det er i snikedelen, den viktigaste delen av heile spelet, det største irritasjonsmomentet dukkar opp. Kameraet kan vere heilt forferdeleg. Ofte ser du Snake ovanfrå, og du kan kun tilte kameraet litt i kvar retning, aldri nok til å få skikkeleg oversikt. Ein blir ofte nødt til å halde inn R1 for å sjå alt frå auga til Snake, og det er synd du sjeldan kan bevege deg frå denne vinkelen, sidan den ofte er å foretrekke. Det kan verke som om dei einaste gongane du kan bevege deg i førsteperson, er når oversiktskameraet ikkje finn ein brukbar vinkel. Dette er eigentleg ein fantastisk god måte å trekke ned spelgleda på, og det er synd at Kojima, som mange meinar er eit geni, ikkje har innsett dette.

Det han har innsett, er at boss-kampar skal vere god underhaldning, samtidig som dei skal vere underhaldande. Boss-kampane er stort sett fantastiske, men nokre av personane du møter her følest ikkje like godt utforska som resten av persongalleriet. Du har til dømes ein hoppande galning som er veldig glad i å kviskre namnet sitt, og det er eigentleg alt du får vite om denne typen før han dør. Felles for alle sjefane er at dei kan vere brutalt vanskelege, og at du gjerne må finne eit mønster å følgje for å drepe dei. I mange situasjonar kan du også utnytte omgivnadane til din fordel, som til dømes ved å skyte ned ei bikube som landar ved fienden din. Sjølvsagt har også vanskelegheitsgrada du veljer i starten av spelet mykje å sei for desse kampane, men ditt valg av våpen kan også bety mykje.

Metal Gear Solid 3: Snake Eater PS2 PS2

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 3. mars 2005
  • Plattform: PlayStation 2
  • Utgiver: Konami
  • Utvikler: Konami

Kommentarer (22)

Forsiden akkurat nå

Til toppen