Anmeldelse

Metroid Prime 2: Echoes

Kjenner du den herlege, nesten ubehagelege kriblinga som av og til sig inn på deg som ein slange? Følelsen av at du er i ferd med å oppleve noko stort?

Side 1
Side 2

Kva skal du gjere no? Sjølv om Metroid Prime 2: Echoes indirekte er eit lineært spel, vil du ofte stå der totalt utan ein einaste idè om kva du du skal gjere. Gjer du noko i Aether, kan det få innvirkning på kva neste steg i Dark Aether bør blir. Når du reiser tilbake til Aether finn du ikkje nødvendigvis noko nytt, utanom ei og anna dør du kan gå inn som ikkje nødvendigvis bringer deg særleg mykje lengre. Du reiser tilbake til Dark Aether igjen, og finn heller ingenting, før du brått får eit hint om at noko skjer i Aether. Ein liten ting kan låse opp noko stort, og spelet er eit ypperleg eksempel på at det å tvinge deg til å gå fram og tilbake litt kan gjere underverk for kva du faktisk føler når du sit der og stirrar på skjermen i noko som sakte men sikkert utviklar seg til angst. Spelet lar deg vente, men aldri så lenge at det blir kjedeleg.

Ei forandring i forhold til det første Metroid Prime-spelet er at heile objektet du vil sjekke med visiret lyser opp når du ser på det, i staden for å måtte fokusere på eit lite punkt. Dette gjer ting veldig mykje lettare, for det er mange ting å studere. Store delar av spelet går med til å reise mellom forskjellige område for å opne nye dører, og få tilgang på meir informasjon. Dette kunne naturlegvis etter kvart blitt ganske einsformig, men det er noko Retro Studios har unngått galant sidan spelet har ein design og arkitektur i toppklassen. Dette er ikkje eit spel med mange identiske korridorar som lenker saman mange identiske rom. Sjansen er stor for at du raskt vil kjenne deg igjen, og vil kunne gå frå ein del av verda til ein anna utan å sjå på kartet i det heile tatt.

Ei unik verd Kreativiteten som er lagt inn i designen av Samus Aran sitt univers er overveldande. Det er unikt, og ikkje som noko anna du vil finne i butikkhyllene. Frå dei fiendtlege Ing til arkitekturen du vil sjå, lyser det av at folk absolutt veit kva dei gjer. Alt kjem saman på ein utruleg bra måte. Det er noko heilt spesielt med denne verda, med sine grove og tørre steinlandskap, mørke skuggar og sitt fluoriserande planteliv. Ikkje minst på grunn av den fabelaktige musikken som legg seg som eit teppe av angst og frykt over deg medan du sit der klistra til skjermen. Du høyrer med ein gong at det er Metroid. Synthar blir blanda med elektroniske beats som tek seg opp i høggir om du er under angrep. Lyden ellers er ikkje fullt så bra, men fungerar heilt greit utan å verken øydelegge eller gi noko spesielt til spelet.

Om ikkje eventyret i seg sjølv skulle vere nok tilbyr Metroid Prime 2: Echoes på ein fleirspelar-modus for opp til fire personar. Du kan velje mellom vanleg "deathmatch", eller å delta i ei skattejakt. "Deathmatch" er veldig standard, der du spring rundt og prøvar å ta knekken på alle andre. Det mest interessante er likevel skattejakta, der alle som deltar mistar myntar ved å blir angripne. Om nokon blir drept, mistar dei alle myntane sine, som då kan plukkast opp for alle som vil. Sjølv om tanken er god, og bretta er dynamiske og byr på sine utfordringar, kjem du sannsynlegvis til å ha det moro med dette i toppen ein halvtime. Kontrolloppsettet til Metroid Prime fungerar enkelt og greit ikkje til sånt. Sidan du låser deg på fienden, og eit skot ikkje akkurat bryt lydmuren, kan du berre bevege deg sidelengs for å unngå alt som kjem i din retning.

Konklusjon Kort sagt vil du elske Metroid Prime 2: Echoes om du likte det første Metroid-spelet til GameCube. Det er meir av det same, og nokre nye ting putta inn som krydder. Det følest kanskje ikkje like enormt no, sidan du gjerne har opplevd det meste før, men det gjer ikkje spelet mindre bra. Retro Studios får til noko alle andre prøvar på, og dei får det til på ein imponerande måte. Stemninga i Metroid Prime 2: Echoes er ubetaleleg. Musikken og grafikken er perfekt for dette spelet, og når spelet er lagt opp på ein så pass intelligent måte som det vi finn her, er det umogleg å ikkje anbefale det på det varmaste. Det Metroid Prime 2: Echoes er, er eit langt og nydeleg fortalt eventyr frå ei stygg og ubehageleg verd. Noko som alltid har kjenneteikna Metroid-serien er at dei alltid har levert varene, og Metroid Prime 2: Echoes, er ikkje noko unntak.

Side 1
Side 2

Siste fra forsiden