Microsoft forsvarar dyrare Arcade-spel

Folk kjøper meir trass høgare pris.

Du har kanskje merka at om du kjøper spel på Xbox Live Arcade har du dei siste åra gjerne sett deg nøydt til å betale meir enn før. I 2009 kosta til dømes 21 av 86 spel 1200 Microsoftpoeng, i fjor steig talet til 27 av 85, og så langt i år har 20 tilgjengelege spel lagt seg på høgste pris, fortel Edge.

Dette meiner derimot portfoliosjefen for Xbox Live Arcade, Chris Charla, ikkje er noko problem.

– Om du ser på Live Arcade og dei tilgjengelege salstala kan du sjå at den gjennomsnittlege prisen på Live Arcade har gått oppover dei siste åra. Det er ein interessant trend sidan visse App-marknadar har sett eit jag etter å nå nullpunktet så raskt som mogleg.

Deathspank kan konkurrere mot alt!

– Hos oss skjer det motsette. Eg veit eigentleg ikkje kvar prisane vil gå sidan dette er noko marknaden dikterer, men det har vore oppmuntrande å sjå at folk er villige til å betale meir for digitale varer.

Han trur mykje av grunnen kan vere at kvaliteten på spela har gått opp. Gjennomsnittspoengsummen for Live Arcade-spel på Metacritic har gått opp tolv poeng sidan 2008, og Charla meiner det ikkje nødvendigvis er nokon kvalitetsforskjell på eit digital spel, og eit spel du kjøper i butikken.

– Nokre gongar når utviklarar snakkar om Live Arcade seier dei ting som: «Vi har lyst til å lage eit spel i butikkvalitet på Live Arcade», og eg forstår ikkje heilt kva dei meiner. Eg kan peike ut spel som har fått 38, 42 eller 56 poeng på Metacritic, så det gjer meg eigentleg litt forbanna. Spela vi har på marknadsplassen vår er like gode som alt anna på marknaden.

Det kan han absolutt ha rett i. Sidan i fjor har vi sett flotte spel som Limbo, Deathspank og Trenched. I tillegg blir det spanande spelet From Dust lansert på onsdag.

Sjekk vår Spelkalender for sleppdatoar. Her får du full oversikt over når dine favorittspel kjem!

Siste fra forsiden