Microsoft set kjeppar i hjula for Final Fantasy XIV

Square Enix viser frustrasjon over strenge retningslinjer.

I slutten av august er det etter lengre tids arbeid klart for relanseringa av Final Fantasy XIV under namnet Final Fantasy XIV: A Realm Reborn. Spelet som i si originale form blei ein total fiasko for Square Enix har blitt bygd opp frå grunnen av igjen, og slår hardt tilbake med flunkande nye system og mekanikkar i eit håp om at den japanske rollespelgiganten kan redde ansikt.

Det massive onlinespelet vil bli lansert for Windows og PlayStation 3, medan ein PlayStation 4-versjon vil kome neste år. Ein versjon for Microsofts plattformer har på si side aldri blitt kunngjort. Dette er derimot på ingen måte grunna manglane vilje frå Square Enix, fortel regissør Naoki Yoshida i eit intervu med RPGsite:

«Frå vår side handlar det mest om at vi ikkje vil dele opp spelarane i fleire grupper. Skulle vi lage ein Xbox-versjon ville ein spelar til dømes kunne spele på PC, ein annan på PlayStation 4, medan eg spelte ein Xbox-versjon, men vi ville ikkje kunne spele på same server. Eg likar verkeleg ikkje den tanken.»

Gamle kjenningar dukkar opp i A Realm Reborn.
Gamle kjenningar dukkar opp i A Realm Reborn.

Strenge reglar

Grunnen til at samspel mellom PlayStation og Xbox er uaktuelt er at Microsoft nektar å la spel på sine plattformer kommunisere med spel på andre plattformer, noko som vil gjere det umogleg for spelarar på Xbox- og PlayStation-konsollar å spele saman. Square Enix ville difor bli tvinga til å setje opp separate serverar for ein Xbox-versjon. Dette er eit reglement Yoshida har svært lite til overs for:

«For å vere heilt ærleg så er det så mange mobile apparat, og alt mogleg anna no. Kvifor vil du berre halde deg til ei plattform? Berre gjer det ope og tilgjengeleg for alle, det er mi meining. Eg vil helst at så mange som mogleg skal kunne spele spelet over heile verda, så slik sett ville det gi meining å lage ein Xbox-versjon, men då må nokon kanskje gi opp karakteren sin. I så fall blir dei frustrerte og spør oss om vi ikkje kan gjere noko med det, og det er ingenting vi kan gjere.»

Om Final Fantasy XIV: A Realm Reborn nokon gong skal dukke opp på Xbox 360 eller Xbox One er det altså heilt og halde opp til kor rigide Microsoft vil vere med reglane sine. Dei har tidlegare gjort eit unntak med Final Fantasy XI, men lite tyder på at dette vil gjenta seg.

Final Fantasy XIV: A Realm Reborn kjem i sal for Windows og PlayStation 3 27. august.

Les også: Sniktitt: Final Fantasy XIV: A Realm Reborn
Les også: Bli med å betateste nye Final Fantasy XIV

Kommentarer (22)

Forsiden akkurat nå

Til toppen