Microsoft stogga Killer Instinct 3

Rare fekk det ikkje som dei ville med den populære slåssespelserien.

I 2002 langa Microsoft ut med 375 millionar dollar for å kjøpe kvalitetsfabrikken Rare frå Nintendo. Inntil den tid hadde Rare skapt den eine klassikaren etter den andre. Blant høgdepunkta var Donkey Kong Country, Perfect Dark, og Conker's Bad Fur Day.

Etter at dei skifta leir heldt dei fram med å produsere mange solide spel, sjølv om dei enno har hatt til gode å nå heilt den same populariteten dei hadde hos Nintendo. Blant dei første spela dei utvikla hos Microsoft var zombiespelet Grabbed by the Ghoulies og ein oppussa versjon av Conker.

Etter lanseringa av Xbox 360 har det britiske studioet levert spel som Kameo: Elements of Power, Perfect Dark Zero, Viva Pïnata-serien, og Banjo-Kazooie: Nuts & Bolts. Dei siste åra har derimot gamle maskottar og heltar måtte vike til fordel for Rare sin eigen vri på dei olympiske leikar; Kinect-serien Kinect Sports. Dette har ikkje vore så populært blant Rare-tilhengjarane, og tilsynelatande er dette ei stemning som òg har gjort seg gjeldande innad hos Rare.

– Personleg synest eg ikkje Microsoft og Rare var ein god miks. I byrjinga såg det ikkje ut til at dei ville blande seg inn mykje, men det blei tidleg klart at dei ville bruke Rare for å nå ein yngre marknad. Dette dempa mykje kreativitet. Rare var kjende for ein variert portfolio, og å ikkje få lage spel for vaksne var eit solid slag, fortel tidlegare Rare-modellør Donnchadh Murphy i eit intervju med Not Enough Shaders, via OXM.

Skjermbilete frå Killen Instinct.

Ein av dei verkeleg populære seriane til Rare var Killer Instinct. Serien dukka først opp på arkademaskiner, før den gjorde suksess på både Super Nintendo og Nintendo 64. Mange har venta forgjeves på at denne serien skulle få ein oppfølgjar. Med slåssespelsjangeren sin solide popularitet dei siste åra skulle ein tru tida var moden, noko Murphy ikkje stiller seg særleg optimistisk til:

– Alle hadde lyst til å lage Killer Instinct 3, men Microsoft var meir interessert i å utvide demografien sin enn å lage eit nytt slåssespel. Det blei aldri noko av det, og eg tvilar på at det nokon gong vil skje.

– Det såg ut til at Microsoft ikkje ville ta sjansen på å la Rare gjere noko utanfor den yngre demografien, og gløyme raskt Rare si arv. På den tida byrja vi å miste mykje talent. Folk var ikkje nøgde med jobben sin, og slutta.

Sjølv om den interne motivasjonen hos Rare ser ut til å ha dalt, er det ikkje mykje tvil om at Microsoft har tent på å få Rare til å utvikle Kinects-spel. Det første Kinect Sports-spelet har til dømes selt over 3 millionar eksemplar. Til samanlikning har eit av verdas største slåssespel, Street Fighter IV (ikkje inkludert dei mange oppdateringane av spelet), selt omlag like mykje.

Les også: Anmeldelse: Viva Piñata

Siste fra forsiden