Microsoft vurderer streaming frå PC til Xbox One

Med Windows 10 kan Microsoft gjere alvor av planane om å gjere Xbox One til husets mediasenter.

I går avslørte Microsoft mange av sine planar for Windows 10. Blant dei fann vi speling på tvers av Windows 10-maskiner og Xbox One, og ikkje minst at ein vil kunne streame Xbox One-spel til PC.

I kjølvatnet av kunngjeringane har det dukka opp detaljar som fortel oss at Windows 10 og Xbox One kan få eit enda nærare forhold. Hos Eurogamer kan vi i dag lese at Microsoft aktivt utforskar moglegheitene for å la deg streame spel frå PC til Xbox One.

Nytt salspunkt for Xbox One?

Den nye Xbox-appen som kjem til Windows 10.
Den nye Xbox-appen som kjem til Windows 10.

Å sende spel frå PC til Xbox One vil nok vere langt meir tiltrekkjande for mange enn å streame Xbox One-spel til PC. Ved å kunne streame til Xbox One vil ein til dømes kunne nyte dei stadige oppgraderingane på PC-fronten frå komforten ein sofa byr på, sjølv om PC-en ikkje skulle ha fått plass i stova.

Ei slik streaming-løysing vil òg kunne by på stiv konkurranse for Valves Steam-maskiner. Desse maskinene er PC-ar spesialbygde for speling, og blei etter mange spekulasjonar avslørt hausten 2013. Sidan den tid har vi derimot høyrt svært lite frå den fronten.

Microsoft har ikkje sagt noko om kva spel som eventuelt vil bli moglege å streame. Om tredjepartsbutikkar som Steam og Origin blir inkluderte skal ein ikkje sjå bort frå at Xbox One i mange heimar vil kunne bli midtpunktet for speling.

Det store spørsmålet er naturlegvis kor god overføringa vil bli om streaming blir ein realitet.

 

Kommentarer (18)

Forsiden akkurat nå

Til toppen