Microsofts LittleBigPlanet-rival har fått dato

I Project Spark får du enorm valfridom til å lage akkurat det du vil.

Etter å ha kunngjort Xbox One i fjor vår, følgde Microsft naturlegvis opp med å vise fram ein bunke nye spel til sin ferske konsoll. Eit av desse var det svært spesielle Project Spark. Det er ikkje eit spel i vanleg forstand, men i staden ei diger sandkasse der du kan bygge praktisk talt det du vil. Du kan modellere dine eigne verder, og ved hjelp av ei rekke verkty kan du lage dine eigne spel i desse verdene.

Project Spark har vore i open beta på Xbox One og Windows 8 sidan desember, men no gjer Microsoft seg klare for å lansere den endelege versjonen av spelet. Project Spark vil i følgje ei fersk pressemelding bli tilgjengeleg på Xbox One og Windows 8 frå og med 10. oktober, medan ein Xbox 360-versjon er venta seinare.

To versjonar

Vi blir lova stor valfridom til å lage det vi vil, både spelteknisk og visuelt.
Vi blir lova stor valfridom til å lage det vi vil, både spelteknisk og visuelt.

Du vil få to val om du vil skaffe deg Project Spark. Du kan gå i butikken og kjøpe ein disk med ein solid bunke innhald, eller laste ned grunnspelet gratis. Om du kjøper det i butikken vil du få med ei rekke innhald du elles vil måtte betale for via mikrotransaksjonar om du vil utvide skaparmoglegheitene dine. Butikkversjonen vil til dømes by på sci-fi element, samt ein kampanjemodus.

Om du har vore med i betaen vil spelet oppdatere til den fulle versjonen automatisk, og alt du har bygd vil bli overført.

Vi tok ein kikk på Project Spark under E3-messa i fjor, og då hadde Marius blant anna dette å seie om det han såg:

«Projekt Spark ser ut til å ta brukarmolegheitene eit par skritt lenger enn LittleBigPlanet, og vil kanskje til og med kunne utfordre sjøllvaste Minecraft. Moglegheita til å nytte både konsoll, pc, og smarte dingsar med trykkskjermar om kvarandre er eit lurt trekk som lar spelarane få moglegheita til å lage ting på sin måte.»

 

Kommentarer (1)

Forsiden akkurat nå

Til toppen