Might & Magic X blir turbasert

Ubisoft går tilbake til røtene til den gamle rollespelserien.

Tidlegare i veka hinta Ubisoft om at eit nytt spel i Might & Magic-serien er på veg. På ei nettside fann vi ein stor X samansett av bilete frå dei tidlegare rollespela i serien som ikkje har rørt på seg på over ti år. Might & Magic-universet har likevel vore flittig brukt med blant anna fleire strategispel, eit kortspel, og actionrollespelet Dark Messiah of Might & Magic.

I dag har Ubisoft i ei pressemelding kunngjort at Might & Magic X: Legacy er på veg til PC i løpet av året. Dette blir eit rollespel i god, gammal stil. Det betyr derimot ikkje at spelet vil ta opp konkurransen mot nyare stortitlar som Skyrim og The Withcer 2.

Spørsmålet er om denne fysaken vaknar til live eller ikkje.
Spørsmålet er om denne fysaken vaknar til live eller ikkje.

Might & Magic X: Legacy blir eit turbasert rollespel i førsteperson som lovar å gå tilbake til korleis ting blei gjort gamle dagar. Konkrete detaljar om korleis det heile fungerer er fattige akkurat no, men utav ein kort trailer du kan sjå nedanfor, ser det heile ut til å by på same type gameplay som i dei aller første Might & Magic-spela.

Dette vil seie at du i staden for å fritt kunne utforske store område, i staden hoppar mellom bilete og kjempar mot fiendane du eventuelt skulle møte der. I nyare tid har spel som Legend of Grimrock gjort suksess med nettopp denne formelen.

Spelet skal spelast aleine, men du får setje saman eit følgje på fire heltar. Desse kan vere mann eller kvinne, og du kan velje mellom dei fire rasane menneske, dverg, alv og orkar. Kvar av rasane har tre unike karakterklassar å by på, noko som burde opne opp for ein del valfridom i korleis du skrur saman gruppa di.

Ubisoft lovar at spelet vil by på mange utfordringar ikkje berre gjennom kamp. Du må i tillegg unngå feller og løyse tankenøtter i dei mange grottene og labyrintane spelet byr på.

Might & Magic X: Legacy kjem i sal til PC i løpet av året.

Les også: Sniktitt: Might & Magic: Raiders
Les også: Anmeldelse: Might & Magic: Clash of Heroes HD

Kommentarer (47)

Forsiden akkurat nå

Til toppen