Anmeldelse

Mike Tyson Heavyweight Boxing

Mike Tyson, ei bokselegende. Berømt og berykta. Frå voldtekt til smaken av øyrer er det mange ting Mike Tyson er kjent for i tillegg til boksing. Dette spelet er nok ikkje noko han kjem til å bli hugsa for. Alt høyrest veldig bra ut, med tilsynelatande rundt omkring 14 kjende boksarar, haugevis med forskjellige komboar, osv osv. Problemet er at det er veldig få ting ved dette spelet som faktisk èr bra.

Side 1
Side 2
Side 3

Ringens herre
Når du for første gang startar ein kamp og du ser boksekjempene vandre inn mot ringen ser det eigentleg meir ut som eit monster oppfostra på anabole steroidar enn som noko som faktisk kunne ha eksistert. Med litt ureine bevegelsar set dei ein fot foran den andre og kjem seg til slutt opp i ringen, mottatt av ein tam jubel som høyrest ut som om den er tatt opp med ein standard PC-mikrofon. Like tamt er det rundt ringen, der det ser ut som ein halvfull kinosal, og der resten av publikumet er mørke sprites som du knapt nok legg merke til. Det ser meir ut som eit treningslokale enn som ein boksestadion. Bedre blir det ikkje når den svært lettkledde dama som har den store rolla å bære rundeskiltet valsar over ringen med svært underutvikla kneledd.

Det ser ut som om ho går på ski, og kordan ho får det til med høghela sko forstår ikkje eg. Grafikken er heilt grei, men tam. Du ser eigentleg ikkje forskjell på spelarane bortsett frå hudfargen og dei som har ekstravagant hår. Svetta sprutar når slaga hamrar i veg, og nokre gongar renn det til og med naseblod frå dei skammslåtte ampkjempene. I tillegg kan du tydeleg sjå om ein boksar har fått eit stygt slag i ansiktet ved at store delar av det vil vere raudt og hovent. Det som ødelegger grafikken mest er glansen som alle boksarane har, dei ser ut som dokker av plast. Det er ikkje fint å sjå på.

Komboane glimar med sitt fråvær. Du har ei lita rød stjerne nede i venstre hjørne av skjermen, og når den lyser kan du trykke på den svarte knappen. Deretter kan du trykke inn komboen din. Det er berre det at du kan sitte der og trykke som ein gal for å få til ein kombo, berre for å bli avbutt halvegs av eit velplassert slag i magen, tett etterfulgt av ein kombo som du ikkje har føresetnadar for å stoppe. Ein god gammal favoritt er Iron Fists, som Mike sjølv har ein fin (u)vane med å levere frå seg. Sjansen er større for at du endar opp irritert og med plaster på fingrane enn at du greier å få ein einaste knockdown.

Kvar er sirklinga rundt i ringen der boksarane ser ut som to svoltne tigrar, klare til å rive kvarandre i fillebitar? Kvar er klyninga der boksarane heng på kvarandre som kleggar, heilt til ein av dei må ta eit steg tilbake. Ikkje her i alle fall. Det du får, er fanatisk trykking på knappane for å få inn slag mot motstandaren din. Det ser ut som kva som helst typisk kampsport spel, hender som flyg framover raskare enn lysets hastigheit mens føta dine glir langsomt i sakte kino fram og tilbake. Det er ganske rart å sjå på, denne blandinga av dei forskjellige kroppsdelane si hastigheit. Enda meir realistisk blir det når motstandaren sine hender brått ser ut som glødande klumpar av metall, og du har ein kombo i vente. Du skal òg vere veldig rask om du ikkje skal bli slått ned. Får motstandaren først overtaket er du nede før du veit ordet av det, og du må begje deg ut på tidenes verste presisjonstrykking for å komme deg opp igjen før dommaren tel til ti.

Side 1
Side 2
Side 3

Siste fra forsiden