Minecraft-inspirerte Planets³ i mål på Kickstarter

Science fiction-rollespelet med frie tøyler frå Mac-versjon.

Dei siste åra har vi sett stadig fleire spel inspirerte av den svenske braksuksessen Minecraft. Eit av desse er science fiction-rollespelet Planets³. I dette spelet vil du som i Minecraft få byggje det meste du kan tenkje deg ut av blokker, men utviklarane har langt større planar enn som så.

Kvar blokke består av fleire forskjellige materiale, og desse kan i tur brukast til å lage langt meir avanserte konstruksjonar enn kva vi får tilgang på i Minecraft. I tillegg til bygningar og landskap kan du byggje romskip og andre køyrety.

Utviklarane hos Cubical Drift lanserte i mars ein Kickstarter-kampanje for Planets³, og i morgontimane i dag blei den avslutta. Dei nådde målet sitt på 250 000 dollar, og klatra vidare opp til det første ekstramålet sitt på 300 000. Med det spelet kome til Mac i tillegg til Windows. Om ca ti dagar vil dei gjere det mogleg for folk som ikkje fekk med seg kampanjen å støtte spelet.

Stor fridom

Planets³ byr på eit noko firkanta verdsrom.
Planets³ byr på eit noko firkanta verdsrom.

I Planets³ får du utforske eit heilt verdsrom fult av kubeforma planetar. Med romskip du byggjer sjølv kan du finne din eigen stad i galaksen, og kvar planet byr på si eiga lokalbefolkning du kan bruke for å kome deg vidare. Folk kan ha viktige eigenskapar du kan dra nytte av, og i staden for å måtte gjere alt sjølv vil desse folka kunne byggje ting for deg, eller sanke ressursar.

Spelet byr i tillegg på eit rollespelsystem der du blir betre i ting etter kvart som du gjer dei. Spelet vil by på både oppdrag, mørke grotter fulle av fiendar, og andre utfordringar.

For dei som vil spele saman med nokon vil Planets³ la deg samarbeide med vener, eller spele mot dei. Det er ingen planar om å gjere Planets³ til eit massivt onlinespel, og du må i staden invitere dei som skal vere med eller mot deg på eventyr.

Om du er av den krative sorten og treng eit spel å slå i hel tida med, kan Steamworld Dig vere verdt ein kikk. Espen meinte dette spelet blandar det beste frå Minecraft og Terraria.

Kommentarer (5)

Forsiden akkurat nå

Til toppen