Minecraft lanserast på PlayStation 3 denne veka

PlayStation 3-publikummet kan snart fryde seg over klossefenomenet.

Minecraft er ein av dei største suksessane i spelverda dei siste åra, etter å ha selt over 30 millionar kopiar. Spelet frå svenske Mojang tok sats og kapra hjarta til spelarar over heile verda på rekordtid. Etter å ha gjort stor suksess på PC blei det i fjor lansert på Xbox 360, noko som resulterte i at dei tente inn utviklingskostnadane på under eit døgn, og eit halvt år seinare hadde selt heile fire millionar kopiar.

No gjer Mojang seg klare for å gjenta suksessen. I dag fortel dei via den offisielle PlayStation-bloggen at Minecraft blir tilgjengeleg på PlayStation 3 førstkomande onsdag 18. desember.

Identisk versjon

Kva vil du bygge i Minecraft?
Kva vil du bygge i Minecraft?

PlayStation 3-versjonen av Minecraft blir den same som andre konsollversjonar av spelet. Og vil la deg skape så og seie det du vil i ei verd bygd opp av firkanta klossar. Det einaste som strengt tatt set grensene for kva du kan lage er du og tolmodet ditt.

Om du er på jakt etter PlayStation 3-eksklusivt innhald vil du berre få det gjennom komande teksturpakkar, noko som og har vore tilgjengeleg i Xbox 360-versjonen. Diverse teksturpakkar vil bli tilgjengelege kort tid etter lansering.

Mojang jobbar òg med versjonar av Minecraft til PlayStation 4 og PS Vita, men kan ikkje seie noko om når desse vil dukke opp. Kor vidt PlayStation 3-versjonen vil kunne kommunisere med PlayStation 4- og PS Vita-versjonane er heller ikkje klart i skrivande stund.

Om du er usikker på om Minecraft er noko for deg kan du ta ein kikk på våre vurdeirngar av originalversjonen til PC, samt fjorårets lansering av Xbox 360-versjonen.

 

Kommentarer (8)

Forsiden akkurat nå

Til toppen