Minecraft møter DayZ i 7 Days to Die

Kan du overleve i dette massive zombiespelet?

Både Minecraft og DayZ har gjort massiv suksess. Det eine spelet handlar om å praktisk talt byggje di eiga verd ut av firkanta klossar, medan det andre handlar om å overleve i ei villmark full av vandrande døde. 7 Days to Die blandar begge spela for å skape det som kanskje kan bli det ultimate zombiespelet.

I 7 Days to Die som no ligg og godgjer seg på Kickstarer spelar du ein stakkarsleg overlevande etter tredje verdskrig. Eter at krigen er over har eit ukjent virus spreidd seg blant folk, og gjort dei om til zombier. Desse zombiene er kanskje sløve og trege på dagtid, men så snart mørkret fell på vaknar dei til live og blir raske og livsfarlege.

Alt kan rivast ned.
Alt kan rivast ned.

Lag det du vil

For å overleve i denne verda kan du gjere svært mange forskjellige ting. Om du treng våpen kan du bruke eit enkelt system for å leggje ingrediensane saman, og på denne måten kan du lage alt frå slegger til skytevåpen. Det same systemet kan brukast for å lage gjenstandar som kan kome godt med.

Minst like viktig er derimot bygginga. På same måte som Minecraft kan du grave deg gjennom alt i verda, om det så er gjørme, stein eller du må hogge ned nokre tre. I likskap med Minecraft er verda bygd opp av klossar, men klossane i 7 Days to Die formar seg etter kva som er rundt dei, litt på same måte som i gode, gamle Dungeon Keeper. Materiala du sankar inn kan brukast til å byggje alt frå nye terreng til hus og forsvarsverk. Alle dei ulike materiala har sin eigen fysikk, noko som betyr at du må tenkje smart for å kome nokon veg.

Byggjer du eit hus med fundament av gjørme, veggar av tre, og tak av betong vil du snart sjå det heile rase saman. Eit dårleg hus kan i tillegg falle ned frå vekta av zombier som klatrar over det.

Action møter tårnforsvar

Sidan zombiene er svært aktive om natta anbefaler utviklarane at du brukar delar av dagen på å byggje feller som kan setje ein mellombels stoppar for zombieinvasjonen. Du vil ikkje nødvendigvis møte ferdige oppskrifter for dette, men kan i staden bruke fysikk og litt kreativ tankegang for å finne ut kva som fungerer.

Til dømes kan du jo kanskje lage ei grop full av piggar som du dekker til med eit svakt tak slik at zombiene alle fell til sin død når dei prøvar å kome seg fram til deg.

I tillegg til å vere ein einsam overlevande vil spelet by på fleirspelarmoglegheiter om du vil samarbeide eller spele mot andre.

Om 7 Days to Die høyrest ut som noko for deg kan du støtte utviklarane på Kickstarter og Steam Greenlight, ein trailer kan du sjå nedanfor.

Les også: Plants vs Zombies blir skytespill
Les også: Sniktitt: Yaiba: Ninja Gaidn Z

Kommentarer (21)

Forsiden akkurat nå

Til toppen