Minecraft-skaparens neste spel gjer seg klart for beta

Scrolls følgjer same modell som klossefenomenet.

Markus Persson – betre kjent som Notch – og selskapet hans Mojang er definitivt best kjende for det avsindig populære Minecraft. Spelet der du kan byggje praktisk talt kva du vil har hausta enorm merksemd over heile verda, og Persson har blitt mangemillionær i prosessen.

Svenskane i Mojang har derimot meir enn berre Minecraft i kikerten. Det neste spelet dei gjer seg klare for å sleppe laus på folk heiter Scrolls, og blir noko ganske anna enn Mincraft.

I Scrolls må du samle kort som du seinare kan byte med andre spelarar eller bruke i kamp mot akkurat dei same spelarane. Teknisk sett snakkar vi om pergamentrullar fulle av beist og magisk kraft. I motsetning til andre spel i same gate, vil vi i Scrolls få sjå kampane utspele seg på eit heksagonalt nett som minnar meir om kampane i Heroes-serien enn vanlege kortspel.

No byrjar spelet å bli ferdig, og i dag har Mojang kunngjort at spelet går ut i open beta 3. juni. Som med Minecraft vil dette bli ein betalt beta der du pungar ut for produktet, og får gi tilbakemeldingar på den vidare utviklinga. Prisen blir på 15 euro.

Scrolls har tidlegare vore sentrum for ei konflikt mellom Mojang og Elder Scrolls-utviklarane Bethesda. Dei høge herrar i Bethesda meinte namnet Scrolls kunne forvekslast med rollespelserien deira, og gikk difor til sak mot svenskane. Den konflikta ordna seg på skapeleg vis.

Les også: Uniloc nøyer seg ikke med Mojang Les også: – Det har blitt hipt å kjøpe indiespill

Siste fra forsiden