Minecraft: Xbox One Edition til butikk

Om du ikkje likar å laste ned spel har Microsoft løysinga klar.

For knappe to veker sidan blei det klart at Microsoft kjøpte fenomenet Minecraft, samt utviklaren Mojang for svimlande for nesten 16 milliardar kroner. Minecraft-skapar Markus Persson nytta høvet til å seie opp si eiga stilling, slik at han kan bruke tida si på å gjere det han likar best; lage små og godt mogleg ganske sære spel.

I dag har vi fått ein mail frå Microsoft der dei fortel at den ferske Xbox One-versjonen av Minecraft vil bli tilgjengeleg i butikk neste månad. Så langt har den berre vore tilgjengeleg via nedlasting.

Om du ikkje likar å kjøpe spel digitalt, eller er redd for å fylle opp harddisken din kan du ta turen til butikken 21. november for å handle deg ein fysisk kopi av Minecraft: Xbox One Edition.

Større og betre

Du ser ikkje skogen for klossane.
Du ser ikkje skogen for klossane.

Xbox One-versjonen av Minecraft kan skilte med verder som er heile 36 gongar større enn dei vi fann i Xbox 360-versjonen, og du vil kunne ta med deg kreasjonane dine frå førre generasjon, og over på Xbox One. Alt av nedlastbart innhald vil ikkje vere kompatibelt, sjølv om Microsoft hevdar du vil kunne ta med deg det aller meste.

Spelet let deg samtidig spele saman med tre andre på delt skjerm, eller saman med sju vener over Xbox Live.

Vi tok nyleg ein kikk på den digitale versjonen av Minecraft: Xbox One Edition, og meinte det er ein av dei beste versjonane så langt av det kreative spelet:

«Denne versjonen er, rett bak Windows-versjonen, også den aller beste måten å nyte juvelen på. Du får ei stor og fin verd å utforske. Å spele saman med vener går smertefritt, både lokalt på delt skjerm eller via nett. Grensesnittet er smart tilpassa handkontroll og eg saknar ikkje mus og tastatur ein eineste gong.»

For Minecraft-entusisatar som helst held seg til PC-som plattform, slapp Mojang nyleg den største Minecraft-oppdateringa så langt.

Kommentarer (1)

Forsiden akkurat nå

Til toppen