MMO-et Wildstar blir gratis å spele

Det fargerike onlinespelet droppar abonnementskravet.

Enda ein MMO-utviklar har bestemt seg for å droppe abonnementsavgift til fordel for eit spel ein kan spele utan kontinuerleg betaling. Denne gong er det Blizzard-veteranane hos Carbine Studios som vel å hive seg på gratis å spele-bølgja med MMO-et Wildstar.

Abonnementsavgifta for Wildstar vil bli droppa i løpet av hausten, og etter det vil du kunne spele alt i spelet utan å betale noko som helst. Om du allereie har eit abonnement vil det bli overført til ein «Signature»-konto som blant anna vil gjere det lettare å samle pengar og erfaringspoeng.

Som dei fleste spel «gratis» MMO-spel, vil Wildstar la deg kjøpe diverse kosmetiske og praktiske tillegg, sjølv om detaljane på desse så langt er få.

Eit humoristisk MMO

Fargerike Wildstar droppar abbonementsavgift.
Fargerike Wildstar droppar abonnementsavgift. Bilde: NCSoft

Wildstar er eit MMO som ikkje tek seg sjølv for høgtidleg. Spelet blandar humor, fantasy og steampunk til ei saleg blanding vår forsøkskanin likte svært godt:

«Mi tid i Wildstar har vore  enda betre enn det eg hadde trudd ut frå mi tid i betatesten. Utviklarane har greidd å skape ei morosam stemning i spelet, med sin humoristiske og lite sjølvhøgtidelege humor. Dei har laga eit spel det er meint at du skal ha det moro med, og det har dei lykkast veldig bra med.»

Det finnest i dag mange aktørar på MMO-marknaden, blant anna Bethesda med The Elder Scrolls Online og Square Enix med Final Fantasy XIV: A Realm Reborn. Gjengen i Rad Crew meinte derimot i ein podkast at sjangeren kjem til å døy om ikkje World of Warcraft-studioet Blizzard klarar lagar eit nytt MMO.

 

Kommentarer (10)

Forsiden akkurat nå

Til toppen