MMO-spelet Rift blir gratis

Abonnementsmodellen er på full veg ut.

Fleire og fleire MMO-spel droppar den gamle abonnementsmodellen til fordel for å la alle som vil spele gratis. Dette betyr i praksis at du kan ta del i alt innhaldet utan å leggje ut så mykje som ei krone. Du kan derimot stort sett leggje ut mindre summar for å kjøpe utstyr eller kosmetiske endringar.

Det førebels siste spelet som droppar abonnement til fordel for gratis speling er MMO-et Rift frå Trion Worlds. Frå og med 12. juni vil alle som vil kunne delta i fantasiverda, og utviklarane lovar i ei pressemelding at alt vil vere som før, berre gratis.

Dette betyr naturlegvis ikkje at pengebruk ikkje har sine fordelar. Om du til dømes har kjøpt hovudspelet vil du kunne lage fleire karakterar, og få fleire sekkar å putte ting i. Samtidig prøvar Trion Worlds å overbevise abonnentar om å halde fram med sine månadlege betalingar.

Alle som held fram abonnementa sine vil tene pengar raskare enn alle andre, samtidig vil ridedyr vere raskare. I tillegg til dette kan du bruke ulike bonusar ein gong for dagen. Blant desse bonusane finn vi raskare innsamling av erfaringspoeng.

Om eit abonnement høyrest for stivt ut kan du heller velje å ta turen innom Rift-sjappa for å kjøpe ting som ridedyr, kjæledyr eller betre utstyr. Trion Worlds lovar likevel at det beste utstyret berre kan skaffast ved å ta del i eventyra spelet byr på.

Les også: Tera blir gratis Les også: Rift vil sette ekteskapsrekord

 

Siste fra forsiden