Mobil suksess for geitesimulator

Det absurde geitespelet frå Sverige får stadig fleire fans.

Goat Simulator frå svenske Coffee Stain Studios tok ei svært lite førebudd verd på senga då det blei lansert i april. I dette spelet tek du som du kanskje gjetta frå namnet på deg rolla som ei geit. Dette er derimot ikkje eit langsamt og drøvtyggjande spel der du skal sjå kor mykje du klarar å ete deg gjennom medan du ventar på å ta opp kampen mot mjølkemaskina.

I staden har utviklarane skrudd saman eit absurd spel der du i rolla som ei geit skal trikse, hoppe og gripe tak i ting med tunga di for å gjere ei rekke halsbrekkande stunt.

Geit i motlys. Neste elg i solnedgang.
Geit i motlys. Neste elg i solnedgang.

Nyleg blei spelet lansert på iOS og Android, og det til stor suksess. På sin eigen blog fortel Coffee Stain Studios at Goat Simulator allereie har blitt lasta ned over 100 000 gongar. Det ser i aller høgste grad ut til at geiter er noko folk vil sjå meir av.

Vegen vidare

Ved sidan av å vere tilgjengeleg på Steam, iOS og Android har Coffee Stain Studios alliert seg med studioet Double Eleven for å lage ein versjon av Goat Simulator til Xbox One.

Medan Double Eleven tek seg av dette arbeidet vil Coffee Stain Studios arbeide vidare med å utvide Goat Simulator på Steam i ei ny og gratis oppdatering utviklarane lovar vil by på uante mengder moro. Nøyaktig kva oppdateringa vil by på seier dei derimot ingenting om, sidan utviklarane meiner dette vil øydeleggje mykje av moroa.

Kommentarer (1)

Forsiden akkurat nå

Til toppen