Mobilt Halo-spel får oppfølgjar

Halo: Spartan Strike lovar å forbetre problema til forgjengaren.

Om du likte fjorårets mobile stikkeskytar Halo: Spartan Assault, byr desember på ei fin gåve til deg. Via IGN har Microsoft i dag kunngjort Halo: Spartan Strike for Windows 8, Windows-mobilar, samt Steam. Forgjengaren Spartan Assault fann etter kvart vegen til Xbox 360 og Xbox One, men enn så lenge har ikkje Microsoft sagt noko om ein konsollversjon av Halo: Spartan Strike.

Spelet blir ikkje ein direkte oppfølgjar til Spartan Assault, men vil i staden spole tida tilbake, og gje oss ei fersk historie som utspelar seg samstundes med Halo 2. Som med Halo: Spartan Assault er det framleis Vanguard Games som står ved styrestikkene, og dei lovar betre kontrollar, nye eigenskapar, og nye fiendar. Blant desse finn vi prometheanarane som først dukka opp i Halo 4.

På toppen av dette har utviklarane fjerna mikrotransaksjonane som forkludra opplevinga for ein del spelarar i Halo: Spartan Assault. Spelet lanserast 12. desember.

Mykje Halo i vente

Sjølv om vi må vente til desember på å få prøve ut den nye stikkeskytaren i Halo-universet, vil vi allereie neste månad få ei solid dose Halo. Då lanserer Microsoft Halo: The Master Chief Collection. I den pakka får vi Halo: Combat Evolved, Halo 2, Halo 3 og Halo 4. I tillegg byr pakka på ein digital TV-serie produsert av Ridley Scott, samt tilgang til Halo 5-betaen.

Vi tok ein kikk på Halo: The Master Chief Collection under E3-messa tidlegare i år, og meinte det var ein draum for Halo-fans:

«Vi veit spela i Halo: The Master Chief Collection er av svært høg kvalitet, og det er all grunn for Halo-fans til å glede seg til november. Her får vi fire Halo-spel i ei pakke, og moglegheita til å spele kart og nivå frå kvart og eitt i akkurat den rekkefølgja du sjølv vil. Det er latterleg mykje innhald her. Med over 100 kart å velje mellom skal det godt gjerast å unngå usunt lange kveldar for alle dei som har sakna å spele dei gamle Halo-spela før nyare spel vridde på formelen og dytta inn nye element.»

Opphaveleg stod Bungie bak Halo-serien. Dei trekte seg derimot tilbake, gav roret til Microsoft, og fokuserte på det nyleg lanserte storspelet Destiny.

Siste fra forsiden