Monster Hunter 3 Ultimate får demo og dato

No er det ikkje lenge til du kan jakte massive beist i villmarka.

Den mangeårige Monster Hunter-serien starta karriæra si på PlayStation 2, men det tok ikkje lange tida før det viste seg det var folk i farta som helst ville ta opp jakta på dinosaurliknande beist. Fire spelarar kan slå seg saman for å reise ut på tokt i det som på mange måtar fungerer som eit MMO i miniformat.

Serien har gått sin sigersgang i heimlandet Japan der den fann sin heim på PSP. Med den vesle maskina har det vore lett å finne nokon å spele med kvar du enn går. Både sidan maskina har vore uhyre populær i Japan, men og grunna Monster Hunter sin massive suksess.

På vestlege trakter har det derimot gått mykje tregare for serien. Mykje av grunnen til dette er utvilsamt at PSP-spela ikkje har lete deg spele mot andre via nettet, men i staden må kople direkte til andre maskiner. Med PSP sin vage popularitet i vesten har det gjort det vanskeleg for serien å slå gjennom.

Skjermbilete frå Monster Hunter 3 Ultimate på Wii U.
Skjermbilete frå Monster Hunter 3 Ultimate på Wii U.

No kan dette kanskje endre på seg. Med Monster Hunter 3 Ultimate vil spelarar på både Wii U og 3DS kunne spele saman. Ikkje berre det, men om du har begge versjonane av spelet vil du kunne spele heime på Wii U, og så halde fram der du slutta når du tek med deg 3DS-en ut på tur. 3DS-versjonen kan snodig nok ikkje brukast til å spele via nettet, men om du rugar på ein Wii U kan du spele mot folk uansett kvar i verda dei skulle vere.

Fram til no har det ikkje vore heilt sikkert når spelet ville dukke opp. I ei pressemelding frå Bergsala i dag får vi derimot vite at spelet hamnar i butikkane 22. mars. Om ein fysisk kopi ikkje er di greie kan du i staden kjøpe spelet frå eShop uavhengig av plattform. Sjølv om Capcom snakkar pent om at du kan bruke begge versjonane om kvarandre seier dei ingenting om kor vidt du får nokon rabatt om du kjøper begge versjonane.

Skulle du sitte på gjerdet angåande Monster Hunter-serien vil ein demo av spelet bli gjort tilgjengeleg frå eShop 21. februar. I mellomtida kan du studere den flunkande nye traileren nedanfor, sjølv om den teknisk sett ikkje viser noko som helst frå spelet.

Les også: Anmeldelse: Monster Hunter Tri
Les også: Monster Hunter-aktig spill fra Double Fine

Kommentarer (5)

Forsiden akkurat nå

Til toppen