Anmeldelse

Monster Hunter Tri

Herleg monsterjakt

Capcoms siste meisterverk kan raskt bli årets beste nettspel.

Det skal godt gjerast å forstå kva som fekk Capcom til å utvikle Monster Hunter Tri for Wii. Det finnest to andre konsollar der ute akkurat no som teknisk sett passar mykje betre. Både PlayStation 3 og Xbox 360 har betre infrastruktur for nettspeling, betre venefunksjonar, samt lettare kommunikasjon der Xbox 360 trekk trumfkortet sidan maskina har for vane å kome med eit headset.

Men nei du, Capcom har satsa på Wii, og grunnen er nok ganske enkel. Capcom er eit japansk selskap, Monster Hunter-serien finnest ikkje nemneverdig populær andre stadar enn i heimlandet sitt, og Wii ... vel, vi veit alle kva konsoll som ligg under dei fleste TV-ar der speling kan skje.

Døden kjem i mange former

Som ei elv

Alt dette betyr eigentleg veldig lite. Sjølv om du garantert har blitt både irritert og provosert over Nintendos evneveike venekodar, kan du gløyme desse no. Monster Hunter Tri gjer som Mario Kart Wii, hoppar over alt, og viser seg som eit av dei mest brukarvenlege og lettvinte spela du kan gå på nett med. Alt du treng gjere er å velje by i staden for landsby frå startmenyen, og du er i gong. Herifrå kan du vrake og velje mellom folk og spele med. Lista over tilgjengelege spel viser kor mange ledige (av maksimalt fire) plassar ei sone har. Samtidig får du sjå kor mange som faktisk er i byen, eller er ute på oppdrag. Dette er lurt å bite merke i, sidan det kan bli ei stund å vente om du hoppar inn i ei sone der folk er opptekne.

Er du først inne kan du kysse eit vått farvel til resten av den dagen. Sjølv om folk både kjem og går, har du alltid nokon å spele med. Finn du dyktige og hyggelege folk å spele med kan du berre sende ein veneforespørsel til dei, og alt som heiter lange kodar er historie. Her er det «Bli ven. Send.» som gjeld.

Kommunikasjon spelarane i mellom er like enkelt, og skjer enten via eit USB-tastatur, Wii Speak, eller nokre innebygde kommandoar om du ikkje har betre alternativ.

Heim kjære heim

Kunsten å drepe

Etter å ha rydda nettfunksjonaliteten ut av vegen, er det på tide å snakke om kva du faktisk gjer i Monster Hunter Tri. Har du spelt eitt einaste spel i serien før veit du kva du har i vente; å sanke metall og urter, samt felle rovdyr i alle tenkjelege storleikar og fasongar. I essensen er dette akkurat det same. Forskjellen er at du har nye område å jakte i, nye beist å jakte, og nytt utstyr. Det er veldig lite nytt å hente i korleis spelet handterar, men det betyr eigentleg veldig lite sidan kjerna av kva som gjer Monster Hunter-serien så fascinerande er den turen du tek inn i skog og mark for å finne deg eit mektig bytte å krige mot.

Det er i løpet av dine første tokt i skauen at du vil merke dei største endringane. Monster Hunter-serien har vore notorisk lite venleg mot nye spelarar. Du blei kasta inn i noko du sannsynlegvis ikkje forstod, og måtte ty til mange veldig keisame tekstar som forklarte korleis du skulle gå fram.

Dette er historie. No utartar spelet seg i mykje større grad som kva som helst eventyr- eller rollespel. Eit symbol viser kven du bør snakke med for å få progresjon, og gjennom å følgje den raude tråden gjennom nokre timar, står du brått aleine, og veit alt du treng vite. Spelet gjer ein veldig god jobb i å informere deg om alt du kan gjere på ein fornuftig og balansert måte. Det blir aldri for mykje, og heller ikkje for lite. Du kjem ekstremt fort i gong, og sjansen er stor for at du legg ut på sjølvstendige turar for å sanke ingrediensar før spelet er ferdig med å fortelje deg alle detaljane.

Alt skal brukast

Å sanke ingrediensar er det store målet med spelet, og det har alltid vore målet for alle Monster Hunter-spel. Frå det lokale jaktlauget får du ei solid mengde oppdrag som varierer frå å plukke sopp, til å drepe eit enormt beist.

Om du ikkje har nett kan du invitere ein ven på besøk

Det spesielle med Monster Hunter Tri er korleis dei på papiret mest monotone aktivitetar endar opp med å bli ting du gjer med glede. Å hakke stein for å skaffe forskjellige metall er ikkje nødvendigvis spanande i seg sjølv, ei heller å plukke ein sopp eller to, men du har heile tida eit mål i baktankane. Du veit at om du finn to til av akkurat det metallet kan du oppgradere våpenet ditt enda eit hakk. Du spring med brennheit iver rundt i dei forskjellige områda som om det heile var tatt ut av gullrushet i USA.

Dei viktigaste materiala får du riktig nok ikkje ved å springe rundt med hakke. Om du verkeleg skal skru saman skikkeleg utstyr må du jakte beist av stadig større proporsjonar. Du kan finne alt frå bein og tenner til skinn og innvolar frå eit dyr, og desse materiala er heilt essensielle om du skal bli sterkare. Spelet let deg ikkje gå opp i erfaringsnivå, men legg i staden all sin lit til at du tener pengar gjennom å gjere oppdrag, samt samlar inn alle dei ingrediensane du treng for å gå til ein smed for å lage betre våpen eller rustningar.

Det er ein endelaus prosess som aldri sluttar å gi. Du legg praktisk talt sjela di i å finne det du treng, og det er forferdeleg vanskeleg å gå lei av akkurat dette. Grafikken er så gjennomført, og lydbiletet så heilskapleg, at du nesten let deg overbevise om at du ikkje spelar eit spel, men i staden verkeleg spring rundt i denne fascinerande verda.

At du no kan jakte beist under vatn bringer i tillegg ein heilt ny dimensjon til spelet. Kontrollane er lette og intuitive, og eg må faktisk seie at nokre av mine mest minneverdige kampar har skjedd i det våte element.

Om ti år slit denne dama med høgt kolesterol og fedme

Du monster, eg døden

Det er lett å snakke om blomar og sopp når ein skal snakke om Monster Hunter, men det er sjølvsagt ikkje her den store innmaten ligg. Det er ein grunn til at spelet heiter Monster Hunter, og den grunnen er ei lang rekke med kreativt utforma beist som nesten utan unntak minnar om ein eller fleire dinosaurar.

Det er veldig imponerande å sjå kva Capcom har fått til med desse beista. Å sjå ein planteetar rusle forbi deg er ikkje berre ei samling med polygonar pakka inn i ein tekstur. Du kan sjå musklane riste kvar gong skapningen tråkkar i bakken, og dei vandrar gjennom dei forskjellige sonene på kartet som om dei har eit bestemt mål i tankane. Alle skapningar er overbevisande animerte der alle kroppsdelar rører seg slik ein skulle kunne forvente at dei gjer. Faunaen er overbevisande og livaktig, noko som samtidig gjer den konstante jakta enda meir spanande.

Spelet har alt frå venlege dyr til blodtørstige kjøtetarar, og det er ingen tvil om at det er rovdyra som byr på den største utfordringa. Å kjempe mot beista skjer eigentleg som i hvilket som helst actionspel, men det er svært store forskjellar på korleis våpna oppfører seg. Du startar med sverd og skjold, og dette er raskt og effektivt, men gjer lite skade. Kastar du deg over eit enormt tohandssverd blir du derimot ekstremt treg, men gjer enorme mengder skade. Kvart våpen krev forskjellige strategiar, og fleire av dei er nesten livsfarlege å bruke om du ikkje spelar saman med andre.

Ein slik våpentype er dei massive armbrøsta i spelet. Dette er utan tvil min personlege favoritt, men dei kan framstå som litt klønete å bruke, sidan du praktisk talt er nøydt til å gå inn i skarpskyttarposisjon for å kunne bruke den effektivt. Dette krev at du spelar saman med folk som veit kva dei driv med, og klarer å halde beistet de kjempar mot på avstand medan du fyrer laus den eine salva etter den andre.

Livet under vatn er atmosfærisk og stemningsfullt

Mykje av det same

Sjølv om det er vanskeleg å gå lei, er det lett å merke kor stort fokus det blir å å gjere dei same oppdraga om igjen i det endelause. Skal du få alt du treng av ingrediensar må du jakte det same beistet veldig mange gongar, og dette kan bli litt irriterande. Det er ekstremt få oppdrag som ikkje engasjerer, men du blir tvinga til å gjenta mange av dei så mange gongar at ein lett kan ynskje at spelet hadde hatt meir å velje i.

Alle oppdrag er rangert etter vanskegrad, og det kan bli heilt nødvendig å halde seg på ei vanskegrad veldig lenge for å kunne byggje utstyr godt nok for å prøve seg på den neste. Dette gjer seg spesielt gjeldande når du spelar på nett. Om du ikkje sjølv tek initiativ til å variere oppdrag, eller har nokre gode vener som alle tenkjer som deg, må du belage deg på å gjere to eller tre forskjellige oppdrag heile tida. Eg har ikkje tal på kor mange enorme Ludroth-beist eg tok knekken på før eg fann ut at det var på tide å ta kontroll over situasjonen.

Det kjem likevel noko godt ut av repetisjonen. Du lærer deg kva mønster eit monster opererer i, og du kan faktisk bruke mykje tid berre på å studere dette. Om du skaffar deg ein kikert kan du observere dyra på avstand, og legge ned planar for korleis du skal gå fram. I tillegg kan du legge alle dyr inn i dine personlege notatar for nærare studie.

Konseptet «levande fakkel» har aldri vore meir brennheitt enn akkurat no

Konklusjon

Det er enormt mykje å hente i Monster Hunter Tri. Du kan drukne resten av livet ditt i spelet om du vil, sidan jakta på nytt og betre utstyr er ein kraftig motivasjon. Samtidig byr spelet på veldig god nettspeling der du raskt og enkelt kjem deg ut på oppdrag saman med andre.

Monster Hunter Tri sin store styrke er todelt. På den eine sida har du den fantastiske kjensla du får når du endeleg står der saman med dine utslitne allierte. Nær døden, med inventaret fullstendig utmatta for helsedrikker, og med utslitne våpen og null ammunisjon, kan de endeleg heve nevane i lufta i siger over det nyaste trofeet. Kjensla av å på hengande håret klare eit nytt beist er direkte monumental.

I tillegg veit du at det beistet som no ligg ved dine føter garantert har eit bein, ei tann og litt seig hud du kan bruke til å lage enda betre utstyr. Akkurat det fyller hjartet mitt med pervers iver.

Siste fra forsiden