Anmeldelse

Monster Hunter

Om du har ein indre fantasi om å brutalt slakte ned alt frå fredelege planteetarar, til enorme dragar, bør du halde auga oppe for Monster Hunter.

Side 1
Side 2

Monster Hunter set deg inn i rolla som ein jegar. Det er ikkje noko handlingsforløp i spelet, ingen frustrert ung mann i hovudrolla, og heller ingen større vondskap som truar med å øydelegge verda. Det handlar om deg, utstyret ditt, og monster. Monstra i Monster Hunter er utan tvil imponerande. Første gong du ser ein enorm drage fly over deg får du panikk, ingen tvil om det. Du veit at du dør om du ikkje kjem deg unna umiddelbart. Etter kvart handlar det ganske mykje om å prøve å kommunisere med andre spelarar, men det kjem vi tilbake til.

I Monster Hunter kan du velje om du vil spele aleine, eller online. Om du ikkje kan spele Monster Hunter online, er det praktisk talt ikkje noko poeng i å gå til anskaffelse av spelet. Det byrjar greit nok, og du har det ganske moro ei stund, men brått seier det stopp, og ting blir så vanskelege at du blir nødt til å ta dei same oppdraga om igjen mange gongar for å bli god nok til å ta hand om problema. I Monster Hunter får du ikkje erfaringspoeng. I staden tener du pengar, og du kan finne ting på dyra du slaktar. Enten kan du kjøpe nytt utstyr, eller du kan få nokon i landsbyen til å lage noko nytt til deg av det du har funne på oppdraga dine. I tillegg kan du oppgradere våpena dine. Om det er ein ting som raskt blir tydeleg, er det at dette er eit spel med seriøst store våpen. Når du finne eit våpen som er tre gongar så stort som deg sjølv, seier det seg sjølv at det tar tid å slå eit slag.

To typar kamp
Det er to klassar i spelet; Blademaster og Gunner. Kva du vel kjem an på kva du likar best av å svinge enorme våpen, og å gjere eit forsøk på å skyte ting på avstand. Om du vel det siste er du i ein håplaus situasjon om du ikkje spelar i lag med andre, sidan det ikkje akkurat er enkelt å drepe fiendane når dei er rundt deg på alle kantar. Dette er noko som også gjeld dei som likar slagvåpen. Å spele aleine kan vere vanskeleg på mange måtar. Endar du opp med ein flokk Velociprey (Monster Hunter sin versjon Velociraptorar sjølvsagt) rundt deg, kjem du deg gjerne aldri på beina igjen før nokon har slått deg ned.

Det er uansett i lag med andre spelarar at Monster Hunter blir morosamt. Dessverre har også Capcom gjort den størst tenkelege feilen dei kunne ha gjort. Dette er primært ei online-spel, og kommunikasjon er livsviktig. Gjerne er det rask kommunikasjon midt i kampane som kan avgjere ting, derfor er det heilt utruleg at spelet ikkje støttar headset. Hallo? Alternativa dine er USB-tastatur eller å prøve å skrive noko med handkontrollen. Det er ikkje alle som har eit ekstra USB-tastatur liggande å slenge, og naturleg nok blir kommunikasjonen hemma av dette. Slik eg ser det kunne Monster Hunter gjort seg ufatteleg mange gongar betre på Xbox, der dei fleste som spelar online har eit headset. Kvifor dette ikkje er tilfelle er noko kun Capcom kan svare på.

Håplaust kamera
Ein anna ting som kan skape litt furstrasjon er kontrolloppsettet. Alle knappar er i bruk til eit eller anna, noko som er vel og greit, men for å angripe må du bruke analogstikka. Det er fire typar angrep i spelet, ein for kvar retning på analogstikka, og angiveleg skal det vere komboangrep i tillegg. Desse komboangrepa er det ikkje alltid like lett å få til sidan ei analogstikke ikkje er det mest perfekte middelet for å utføre raske angrep. Det som verkeleg skapar problematiske situasjonar er kameraet. Du kan ikkje rotere det på nokon måte, alt du kan gjere er å sentrere kameraet bak deg ved å trykke på L1. Med så lite kontroll over kameraet oppstår det raskt farlege situasjonar.

Det er to typar oppdrag i spelet. Enten skal du drepe monster, eller så skal du samle saman eit eller anna. Rundt omkring i spelet vil du finne sopp, stein og andre ressursar du kan bruke til å lage mat eller våpen. Dessverre er mange av oppdraga veldig like i natur. Veldig mange av oppdraga er i nøyaktig same område, og det blir etter kvart litt rutine over det meste. Målet ditt i lengda blir gjerne kun å få tak i så mykje pengar som mogleg, og dei gjenstandane du treng for å få deg betre utstyr. Etter kvart blir det litt einsformig. Spesielt sidan det er vanskeleg å kommunisere med andre. Mange oppdrag endar opp med at alle spring i kvar sin retning, hamnar i bråk, og kanskje greier å skrive "hjelp" før dei dør. Det er ikkje den mest effektive forma for samarbeid.

Side 1
Side 2

Siste fra forsiden