(Bilde: 2K)

Monsterjakta utsetjast til neste år

Evolve frå Left 4 Dead-studioet kjem ikkje som planlagt.

Eit av årets mest lovande spel er no eit av neste års mest lovande spel. Via Eurogamer får vi vite at monsterjaktspelet Evolve ikkje lenger vil kome som planlagt 21. november. I staden har lanseringa blitt utsett til 10. februar neste år. Noko grunngjeving for utsetjinga har vi ikkje fått, men som regel skjer slikt grunna eit behov for ekstra finpuss.

Om du ikkje har høyrt om Evolve før no er dette det neste spelet til Left 4 Dead-utviklarane hos Turtle Rock, og vil kome til Windows, Xbox One og PlayStation 4. Som i Left 4 Dead står samarbeid på timeplanen, men der du i zombiespela var ein del av eit firkløver som prøvde å overleve i ein jungel av datastyrte vandøde, byr Evolve på eit jaktlag på fire personar som skal ta opp kampen mot eit mannevondt monster styrt av ein femte spelar.

Ein kamp mot tida

Nokon har lest H.P. Lovercraft.
Nokon har lest H.P. Lovercraft.

Mekanikkane i Evolve er enkle, men utfordrande. I rolla som monsteret må du jakte mindre dyr i nærmiljøet for at du skal vakse deg stor og sterk. Etter kvart som du blir større, blir du samtidig farlegare, får nye eigenskapar, og blir langt vanskelegare for jaktlaget å få has på.

Difor blir det uhyre viktig å handle raskt, og samarbeide godt innad i jaktlaget som består av fire spelarar med fire unike roller.

Vi har kika på spelet eit par gongar allereie. Først prøvde vi oss som ein del av jaktlaget, før vi under E3-messa fekk ta på oss rolla som eit av monstera i spelet. Sistnemnde kosa vi oss storvegs med:

«Evolve er ei av dei mest positive overraskingane eg har møtt på i nyare tid. Det latar til å bli eit intenst og hektisk spel med enormt underhaldningspotensiale. Dynamikken mellom monsteret og jegarane er veldig solid, og endrar seg samtidig dramatisk etter kvart som spelet går sin gang. Der du startar tynn og spinkel, veks du deg gradvis til å bil eit enormt og livsfarleg beist.»

Evolve er ikkje det einaste komande spelet som set ein spelar opp mot fleire. I Outrise skal heile 15 spelarar ta opp kampen mot ein gedigen robot.

Kommentarer (3)

Forsiden akkurat nå

Til toppen